Audiophile-Arve
Æresmedlem
Framstillinga til KJ er den alle brukar, vil eg tru,
Når det gjeld Griffe sine moment, er eg einig i det meste, men ABX vert veldig travelt over tid. Det er også eit moment å ha langtidsutprøving, der du fyrst spelar på referansekomponentane, skiftar til nykomponenten nokre timar/dagar, og registrerer skilnadar. Så skifter du attende til referansen, og ser som det er noko du saknar, eller om det er skilnadar.
A/B-samanlikningar, gjerne fleire i laupet av få minutt, gjev anna innsikt enn langtidsvariasjonar. Sistnemnte er gode når det gjeld å avsløre graden av skilnadar. Det er ikkje alle skribentar som tek omsyn til dette, og det er synd. Ved å lytte lenge til ein komponent fokuserer du ikkje så sterkt på å "forstørre" skilnadane, og har kanskje betre forståing for proporsjonane i skilnaden mellom komponentane.
Men det er ikkje alltid du kan låne ein dyr komponent i lang nok tid til å gjere seg opp slike langtidsvurderingar.