Ver obs på at det ikkje alltid er like opplagt å bruke ymse platestrammarar. Til Linn Sondek har eg så langt ikkje funne noko eg er 100% fornøgd med. Medan VPI SuperScoutMaster har platestrammaren og -kransen som integrerte deler. Generelt kan ein seie at flytante oppheng ikkje bør ha for mykje ekstra masse. Her kan gjere forsøk med å bruke Michell-strammaren, eller den billege Clearudiostrammaren av plast. Spelarar utan oppheng tåler typisk mykje masse, men det går også her ei grense (så lenge vi ikkje snakkar om dei store frå Micro-Seiki, VPI, Nottingham eller Clearaudio). Problemet med ekstreme strammarar på over kiloen, er at dei må sentrerast 100% korrekt. Eg hadde ein av stein ein gong eg brukte på min kjære Technics SL 1000, men slutta å bruke denne fordi Michell-strammaren faktisk fungerte mykje betre.
Elles minner eg også om materialet plata ligg på. Dette har meir å seie for sluttresultatet enn akkurat strammaren. Og platekrans - dette må prøvast, om du ikkje alt har gjort det.
Tykkjer du derimot at alt dette styret er irriterande, kjedeleg og dumt, kan eg også tilrå å prøve vakuumtallerkane til gamle Luxman, Basis eller den gamle AudioTechnica 777EX (ein eigen vakuumtallerk som kan leggjast på eksisterande)