men det er jo ikke et politisk parti lenger.
Sett med europeiske, og særleg med norske, augo har eg litt vondt for å kalla dei to store amerikanske partia for «parti». Dei minner meir om våre proto-parti, særleg Venstre, som var svært ulike veljar- og interessegrupper samla rundt ein leiande figur (Sverdrup).
Personifiseringa av Sverdrup, nærast som inkarnasjonen av alt godt, kjem veldig klart fram på framsida av avisa Fedraheimen etter Oscar II måtte be han om å danna regjering i 1884:
Fred er komen, Fridomen er grunnfest i gamle Norig, me hev fenget Johan Sverdrup til Ministar. Det utrulege hev hendt, me kann inkji Gud fulltakka. Norig hev vunnet att sin Heider fraa Forne Dagar, inkje med Blodugt Sverd, men med Sanning og rettsgjæve Vaapen. Fremst skrid no Norig millom Nordlandi; no er me kanskje det friaste Folk i Verdi.
Det var openbert ei euforisk stemning dei dagar, og den interesserte lesaren kan også sjå korleis somme av tropane («Heider fraa Forne Dagar», «Sanning og rettsgjæve Vaapen») ikkje heilt har gått av moten, heller.
Venstrekoalisjonen heldt ikkje særleg lenge, kan vi seia. Det same tenkjer eg fort kanskje skje med Trump: Anarkismen i innlandet (der kvar mann helst vil vera fri med rifla si og pickup-en sin) er ikkje heilt den same som anarko-kapitalismen i Silicon Valley.
Draumen om ein minimal, teknokratisk stat, modellert etter ei verksemd der presidenten er CEO (minarkisme av typen Robert Nozick), går veldig dårleg saman med ein stat som skal ta fullstendig kontroll over kvinnekroppen og la Den kvite Mann koma til heider og verdigheit att som kolgruvearbeidar. Draumen om evigvarande amerikansk økonomisk og militær dominans går veldig dårleg saman med å leggja ned alliansen mellom USA og Europa. Planen om å setja opp enorme tollmurar for å re-etablera amerikansk industri OG hiva ut alle innvandrarar går dårleg saman med førestillinga om enorm økonomisk vekst utan inflasjon.
Dersom Trump faktisk får gjennomført prosjekt 2025 og/eller dei tilfeldige lovnadene han slengjer ut, må det koma minst ein, om ikkje fleire, splittar i koalisjonen som no har satsa alt på det som ser ut til å vera ikkje berre feil hest, men ein gamal og sjuk hest. Det spørst kor mange som held ut og overtyder seg sjølv om å sjå bort frå det dei høyrer og ser.
Du har heilt rett, forresten: GOP kan neppe velja ein annan kandidat, rett og slett fordi det knapt er ein andre som kan halda partiet saman på same måten.
(Merk: Eg meiner altså ikkje å samanlikna Sverdrup og Trump, men å peika på nokre interessante samanfall).