Eg har aldri sett "nine rifles", eller "nine barrels trained at her (his) face" som ein metonymi for eksekusjonspelotong. Storleiken på slike varierer, og ni er ikkje eit spesielt tal her. Quisling vart skoten av ein pelotong på ti, Gary Gilmour av fem. Det er også temmeleg uvanleg at den som skal arkebuserast får ta med ei rifle, eller, meir teknisk, at geværa peikar på andletet deira.
Hadde meininga hans vore at ho burde avrettast, kunne han sagt "... when she is put up against the wall" (som hadde viska ut all tvil om kva han meinte) eller tilsvarande.
Heile sitatet:
Eg greier ikkje, med all mogleg forrakt for Trump og med alle moglege ljos tende for at han tapar, sjå at essensen i det han seier er at han vil ha Cheney avretta (redigert: det kan godt vera at han drøymer om at ho vert skoten). Tvert om, i innlegget legg han an ein gyseleg "mild og mjuk" bestefartone der han tek avstand frå "the stupid persons" som "always wanted to go to war with people". Sannsynlegvis som ein opptakt til å kutta all støtte til Ukraina og la Putin ta det han vil ha.
Så er eg einig i at biletet av ni geværløp som skyt mot Liz Cheney leier tankane mot ei avretting. Det kan vera intensjonen, slik
@tkr minner om, det kan vera Trumps ønske om å ta hemn på alle som har svike han som boblar opp eller det kan rett og slett vera dårleg valde ord for å seia at krig er temmeleg fælt på slagmarka.
Edit: Den andre setningen,
"Let’s see how she feels about it, you know, when the guns are trained on her face" er det som gjer meg litt usikker. At han gjentek "let's" her, er ugreitt. Det er definitivt ei gjentaking, men det gjev også ei kjensle av han har hoppa frå det hypotetiske tankeeksperimentet til den som faktisk skal setja heile "eksperimentet" i scene.