Politikk, religion og samfunn President Donald J. Trump - Quo vadis? (Del 2)

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • xerxes

    Æresmedlem
    Ble medlem
    08.01.2005
    Innlegg
    13.004
    Antall liker
    9.237
    Sted
    Holmestrand
    Sissener ville for noen måneder siden stemt på tRump om han kunne.
    For noen uker siden fant han ut at det kanskje ikke hadde vært så lurt like vel.
    Nå synes han igjen at han er meninigsberettiget.
    Løk.
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    5.500
    Antall liker
    5.860
    Sted
    Sunnmøre
    Vanens makt er stor... :cool: Jeg brukte Motorola, Ericsson, Sony mobiler tidligere.... Nokia holdt på drive mmeg til vanvidd...
    Problemet er ikkje vanen, men teknologisk monokultur.

    Ein viktig grunn til at eg bruker smarttelefon såpass mykje som eg gjer, er behovet for ei heil rekkje tredjepartsappar. Alt frå BankID og Vipps, via meldingstenester (eg treng Signal, Spond og FB Messenger, minimum) til billettar, lading og eg veit ikkje kva. Ein del av dette kan erstattast på andre måtar, men slett ikkje alt.

    Det finst, som @Disqutabel nemner, to operativmiljø som desse appane vert laga - og vedlikehalde - for, Android (Google) og iOS (Apple). Her er ikkje kjernen det avgjerande, men utviklingsmiljøet med rammeverk og bibliotek. Android er det friaste av dei, men i praksis snakkar ein god del av rammeverket med Google.

    Microsoft prøvde seg på eit eige "Windows Phone"-OS for 10-15 år sidan. Det var overraskande raskt og bra, og fleire leverandørar (særleg Nokia) hadde fine, billige Windows-mobilar. Prosjektet var likevel DOA: Dei fekk aldri kritisk masse av uavhengige appar. Dei fleste utviklarar meinte av iOS og Android var nok.

    Det er også, diverre, definitivt eit behov for å driva feilretting og oppdateringar av mobil-OS. Erfaringane mine er positive med Google Nexus, Samsung Galaxy og iPhone.

    Det er bekymringa mi med slike av-googlifiserte variantar av Android, som eg elles er svært positiv til: Funkar dei kritiske tredjeparts-appane, og vert dei så store at dei vert løpande vedlikehaldne?

    Eg er lei for at eg gjerne sporar av i teknologidiskusjonar (ARM er britisk, av alle ting, sjølv om både Apple og Digital var inne i utviklingsarbeidet på ulike tidspunkt), men det handlar etter mitt syn om strategisk teknologisk uavhengigheit.

    Den store mengda programvare under tilstrekkeleg frie lisensar, burde eigentleg vera nok til at Europa kunne stå på eigne bein.

    Men for å få det til, krevst det også ein temmeleg stor organisasjon for å gjera det til sluttbrukar-venlege operativsystem. OS for serverløysingar og entusiastar kan ein fint vedlikehalda på dugnad (sjølv om det skal seiast at mykje av dette dugnadsarbeidet har vore folk som har fått betalt for å driva med det), men det er noko anna med ein "appliance" for sluttbrukarar.
     
    Sist redigert:

    Aurora

    Æresmedlem
    Ble medlem
    04.06.2004
    Innlegg
    16.847
    Antall liker
    13.559
    Sted
    Ytterst i havgapet...
    Det jeg refererte til var mobiler pre app type... menyene til Nokia var tydelig laget for "folk flest" og ikke ingeniører med "sterke meninger" om hvordan ting burde funke......... :cool:
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn