Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

SAD-0224 (1 of 1)-3.jpg


Denne gongen om mekaniske svakheiter, oppklaring av mistydingar, og Vossajazz. Og 5 øl frå KINN.

Audioquest Red og Cobalt DAC problem
Eg har lodda Red ei gong, og no slutta han atter å fungera. Ein eller annan vakkel. Det same hende tidlegare med ein blå Cobalt; då fekk eg ny. Den raude har eg fått via omvegar, utan garanti, og måtte kjøpa ny på HiFi Klubben (kr 2400). Surt. Eg la i same slengen merke til at den blå, som er toppmodellen var sett ned til 2200, altso mindre enn Red! Han kosta tidlegare kring 3500. Eg valde likevel den raude, avdi eg tykkjer han spelar riktigare. Det kan du lesa om i dagboka frå november -23.

Dette kan tyda på at desse dac-ane er mekanisk svake. Kva som hende med den blå veit eg ikkje, han berre slutta å spele på eine kanalen. Eg opna han ikkje for å sjekka kva som var gale, visste ikkje korleis det skulle gjerast. Men når den raude òg, som eg har brukt i det siste, slutta å spela i eine kanalen, vart eg forbanna, for denne hadde eg altso ikkje garanti på. Eg fann ut at han var montert ved hjelp av eit lók i eine enden (der du plugger til mini-jacken), men dette let seg ikkje rikka. Eg prøvde å vippa det ut med ein skarp kniv utan hell. Men eg skjønte jo at innmaten måtte ut den vegen, so med eit velretta slag med ein hammar på USB-pluggen, fyrst forsiktig, deretter hardare, spratt loket av og innmaten ut. Då var det lett å finna feilen (sjå bilete). Jack-bøssinga var lodda til printet med to punkt på eine sida, men berre eitt på andre, og dette hadde sleppt. Fram med loddebolten, og litt ekstra loddetinn gjorde susen. Monterte det heile saman igjen, men merka meg at det var ein smule slark mellom innmaten og ytterkappa. Uansett virka han, og gleda var stor!

Men det gjekk ikkje mange månadane, so byrja lyden å detta ut på ny, denne gongen i begge kanalane, utan at eg fann grunnen. Eg måtte som sagt bite i det sure eplet og kjøpa ny. Denne har heldigvis ingen slark, og 5 års garanti. Du kan melda deg inn i HiFi Klubben og få 6 års garanti, mot å bli spamma ned med reklame, so det takka eg nei til. Eg trur ikkje han held i 5 år heller. Dac-en går inn og ut av datamaskina mi fleire gongar for dagen, og uansett om eg støttar han opp på undersida og handsamar han so forsiktig eg kan, har altso ikkje mindre enn to stk slutta å fungera etter relativt kort tids bruk. Men sidan han (Red) spelar godt, og eg ikkje har kome over noko betre so langt, til ei rimeleg pris, held eg fast ved han. Inntil vidare. For som du veit: Han du har, og som du tykkjer spelar godt, spelar berre godt til du har funne noko som spelar betre. Då spelar han dårleg....

Les heile dagbokartikkelen til Stig Arne i Audiophile.no

SAD-0224 (1 of 5).jpg
 

Kommentarer

pelsjeger

Overivrig entusiast
Ble medlem
27.04.2004
Innlegg
937
Antall liker
1.199
Torget vurderinger
4
Har og reklamert på en slik pga vakkel i minijack. Svakt design.
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.028
Link til alle artikler
421
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Magico S3 2023 – Norgespremiere hos Duet Audio

Magico S3 2023 – Norgespremiere hos Duet Audio

  • 0
15 juni var det norgespremiere på Magico S3 2023. Audiophile.no avla Duet Audio en visitt både for å overvære lanseringen og for å besiktige denne aktøren sine nye lokaler. Duet Audio sine nye...
Fortsett
Audiophile.no
Karakterfulle forsterkarar – Stig Arne si dagbok 2023

Karakterfulle forsterkarar – Stig Arne si dagbok 2023

  • 11
Åremålsdag og vitjing frå “soloppgangens land” - atter ei gong - har gjort at me er lovleg seint ute med ny dagbok. Men her kjem nokre gamle forsterkarar og ein “ny”, ein MAC og ein DAC og litt...
Fortsett
Audiophile.no
TEST HD 620S – et annerledes bidrag til Sennheiser sin 600-serie

TEST HD 620S – et annerledes bidrag til Sennheiser sin 600-serie

  • 0
Da Sennheiser annonserte sin nye HD 620S i begynnelsen av mai var det en nyhet som fenget min interesse langt over middels. For dette er et nytt bidrag i produsenten sin klassiske 600-serie, og da...
Fortsett
Audiophile.no
Dårleg lyd – Stig Arne si dagbok april 2024

Dårleg lyd – Stig Arne si dagbok april 2024

  • 5
Omfattande utskiftingar i stereoanlegget kasta meg ut i ei reise kor det tok tid å koma attende til eit akseptabelt resultat. Slikt lærer ein av. ORSAKINGAR I KØ I førre dagboka orsaka eg meg...
Fortsett
Audiophile.no
Sonos Ace – hodetelefondebut fra multiromspesialisten

Sonos Ace – hodetelefondebut fra multiromspesialisten

  • 0
Sonos har i dag lansert et produkt vi har sett komme i fem år. Det gjør ikke produktet mindre spektakulært, og ganske overraskende. Sonos Ace er hodetelefoner som på noen områder går helt nye...
Fortsett
Audiophile.no
HD 620S – Sennheiser går nye veier i 600-serien

HD 620S – Sennheiser går nye veier i 600-serien

  • 0
Sennheiser har annonsert en ny spennende modell i den klassiske 600-serien. Men her er det mye som ikke samsvarer med signalementene til det vi er vant med i denne serien som mange av oss har...
Fortsett
Topp Bunn