Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

SAD-0224 (1 of 1)-3.jpg


Denne gongen om mekaniske svakheiter, oppklaring av mistydingar, og Vossajazz. Og 5 øl frå KINN.

Audioquest Red og Cobalt DAC problem
Eg har lodda Red ei gong, og no slutta han atter å fungera. Ein eller annan vakkel. Det same hende tidlegare med ein blå Cobalt; då fekk eg ny. Den raude har eg fått via omvegar, utan garanti, og måtte kjøpa ny på HiFi Klubben (kr 2400). Surt. Eg la i same slengen merke til at den blå, som er toppmodellen var sett ned til 2200, altso mindre enn Red! Han kosta tidlegare kring 3500. Eg valde likevel den raude, avdi eg tykkjer han spelar riktigare. Det kan du lesa om i dagboka frå november -23.

Dette kan tyda på at desse dac-ane er mekanisk svake. Kva som hende med den blå veit eg ikkje, han berre slutta å spele på eine kanalen. Eg opna han ikkje for å sjekka kva som var gale, visste ikkje korleis det skulle gjerast. Men når den raude òg, som eg har brukt i det siste, slutta å spela i eine kanalen, vart eg forbanna, for denne hadde eg altso ikkje garanti på. Eg fann ut at han var montert ved hjelp av eit lók i eine enden (der du plugger til mini-jacken), men dette let seg ikkje rikka. Eg prøvde å vippa det ut med ein skarp kniv utan hell. Men eg skjønte jo at innmaten måtte ut den vegen, so med eit velretta slag med ein hammar på USB-pluggen, fyrst forsiktig, deretter hardare, spratt loket av og innmaten ut. Då var det lett å finna feilen (sjå bilete). Jack-bøssinga var lodda til printet med to punkt på eine sida, men berre eitt på andre, og dette hadde sleppt. Fram med loddebolten, og litt ekstra loddetinn gjorde susen. Monterte det heile saman igjen, men merka meg at det var ein smule slark mellom innmaten og ytterkappa. Uansett virka han, og gleda var stor!

Men det gjekk ikkje mange månadane, so byrja lyden å detta ut på ny, denne gongen i begge kanalane, utan at eg fann grunnen. Eg måtte som sagt bite i det sure eplet og kjøpa ny. Denne har heldigvis ingen slark, og 5 års garanti. Du kan melda deg inn i HiFi Klubben og få 6 års garanti, mot å bli spamma ned med reklame, so det takka eg nei til. Eg trur ikkje han held i 5 år heller. Dac-en går inn og ut av datamaskina mi fleire gongar for dagen, og uansett om eg støttar han opp på undersida og handsamar han so forsiktig eg kan, har altso ikkje mindre enn to stk slutta å fungera etter relativt kort tids bruk. Men sidan han (Red) spelar godt, og eg ikkje har kome over noko betre so langt, til ei rimeleg pris, held eg fast ved han. Inntil vidare. For som du veit: Han du har, og som du tykkjer spelar godt, spelar berre godt til du har funne noko som spelar betre. Då spelar han dårleg....

Les heile dagbokartikkelen til Stig Arne i Audiophile.no

SAD-0224 (1 of 5).jpg
 

Kommentarer

pelsjeger

Overivrig entusiast
Ble medlem
27.04.2004
Innlegg
967
Antall liker
1.273
Torget vurderinger
4
Har og reklamert på en slik pga vakkel i minijack. Svakt design.
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.120
Link til alle artikler
441
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Sølvsuper 12 – Stig Arne si dagbok oktober 2024

Sølvsuper 12 – Stig Arne si dagbok oktober 2024

  • 2
Det kan koma ein del Tandberg-stoff frametter. Me byrjar med Sølvsuper 12. Og nokre jolaøl frå butikk. Tandberg (1933-1978) Tandberg har ein særskild plass i hjarta til nordmenn, og det er ikkje...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: Keith Jarrett – The Old Country

PLATESMAKING: Keith Jarrett – The Old Country

  • 2
Triojazz fra Keith Jarrett betyr vanligvis Jarrett, Peacock og DeJohnette. Denne gangen er det litt annerledes, men likevel velkjent terreng. Jeg har smakt på utgivelsen The Old Country Deer Head...
Fortsett
Audiophile.no
6 stativhøyttalere i sammenligning hos Mala Audio

6 stativhøyttalere i sammenligning hos Mala Audio

  • 13
Den første lørdagen i november arrangerte Mala Audio en litt besnærende event der 6 høyttalermodeller i varierende prisklasse fikk måle krefter. Og siden jeg til Stig Arne sin store fortvilelse er...
Fortsett
Audiophile.no
30-årsjubileum for Osafestivalen i 2024

30-årsjubileum for Osafestivalen i 2024

  • 0
Årets Osafestival var den 30. i rekkja. Grunna coronarestriksjonane og kravet til avstand flytta festivalen i 2020 inn i Voss Idrettshall for dei store trekkplastera på kveldstid, og med god plass...
Fortsett
Audiophile.no
Dobbel orsaking – Stig Arne si dagbok september 2024

Dobbel orsaking – Stig Arne si dagbok september 2024

  • 14
Det har skjedd ein del endringar sidan eg skreiv om DAC-ar og Spotify mot Apple music. Det er tid for oppsummering, revurdering og ei orsaking eller to. Audioquest Dragonfly Red og Cobalt Eg har...
Fortsett
Audiophile.no
Hortenmessa 2024 – inntrykk fra tre Audiophile herrer

Hortenmessa 2024 – inntrykk fra tre Audiophile herrer

  • 9
TRADISJONSRIK AUDIOFIL OPPVARMING. Også i år startet høstens HiFI-eventyr i Horten på motsatt side av Oslofjorden, nærmere bestemt i Sommerhuset i Fredrikstad. Og Stig Arne og eg tjuvstartet...
Fortsett
Topp Bunn