Problemer med HDMI signal fra receiver til projektor, kan det hjelpe med repeater?

HellandB

Medlem
Ble medlem
11.07.2014
Innlegg
27
Antall liker
0
Hei,

Har 10 meter HDMI kabel kobla frå Yamaha rx777 til Optoma HD 36.

Brukte tidligare same kabel mellom Onkyo tx sr606 og Optoma HD65, her var det ingen problemer. Men ved oppgradering av utstyret starta altså problema.

Det er litt artifacts (blått/grønt) og bilete ramlar ut ca. kvart 30 sekunder, før det kjem tilbake nokre sekunder seinare. Eg tenkte det kunne hjelpe med ein ny kabel, men her vert det mykje raude artifacts over heile skjermen.

Problemet endrar seg litt ettersom kva kilde som er kopla til, men det er artifacts på signalet på både tv-dekoder og HTPC.

Det kan virke som begge boksane har dårligare HDMI koplingar enn det tidligare utstyret, evt. at singalet som vert sendt krever meir båndbredde. Dersom eg koplar HTPC/tv-dekoder direkte til prosjektor vert bilete betre med men fortsatt litt artifacts, det hjelper av og til å kople HDMI kabel ut og inn. Endring av fargeoppsettet på HTPC kan også hjelpe på at signalet vert betre, f.eks endre frå full RGB til limit RGB.

Dersom eg brukar ein 5 meter kabel mellom receiver projector signalet heilt fint.

Kva kan eg gjere for å kunne bruke 10 meter kabel mellom receiver og projektor, vil ein f.eks denne hdmi repeateren hjelpe, kan eg få problemer med hdcp etc. ved å bruke ein slik? Finst det andre billige løysingar på problemet?

Har fortsatt opent kjøp på receiveren, men vil helst sleppe å bytte denne, ettersom eg ellers er veldig fornøgd.
 
S

Syncrolux

Gjest
Høres ut som HDMI synk problemer. Prøv å sette ned framerate og bit-dybde (i praksis: skru av "deep colour").
 

EHED

Bransjeaktør
Ble medlem
15.03.2010
Innlegg
1.256
Antall liker
258
Sted
Nordby
Torget vurderinger
3
Hva slags kabler benytter du?
Er disse godkjent for bruk med full HD og f.eks.Deep Colour?
 
S

Syncrolux

Gjest
Deep Colour må du deaktivere på kilden. Som regel Blu-ray spilleren, hvis receiveren er satt i pass-through på HDMI.

Deep Colour kan bruke inntil 16 bits i stedet for de vanlige 8. Det blir det dobbelt så mye data-trafikk av, og det krever bedre båndbredde i kabelen.
 

HellandB

Medlem
Ble medlem
11.07.2014
Innlegg
27
Antall liker
0
Har fått gjort litt meir testing.

Direkte kopling frå HTPC til prosjektor alt ok.
Dersom HTPC er kopla gjennom receiver, raude artifacts.
TV-dekoder gjennom receiver nesten ingen artifacts, tv-dekoder direkte, alt ok.

Dersom eg brukar menyane på receiveren, f.eks spelar Spotify, er det også her mykje raude artifacts.

Ettersom dekoderen har færre articats enn f.eks htpc og receiver direkte forsterker mistanken om at mykje båndbredde aukar problemet. Å endre innstillingar, f.eks Deep Color kan hjelpe, men det er inga varig endring.

Andre tips til korleis eg kan løyse problemet?
 

QWERT

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
22.04.2012
Innlegg
323
Antall liker
136
Torget vurderinger
0
Du må ha en bedre kabel når den er så lang som 10m. F.eks Supra med følgende data: v2.0, 4K, 3D, Deep Color, Audio Return, Ethernet
 

HellandB

Medlem
Ble medlem
11.07.2014
Innlegg
27
Antall liker
0
Frå min gamle Onkyo receiver til gammal prosjektor var lyd og bilete perfekt med 150,- 10 meter kabel frå Hong Kong som eg kjøpte for 4-5 år sidan. Er ikkje så lysten på å betale 1000,- for ein kabel som har same funksjonane som dei to eg allerede har prøvd.

Grunnen til at eg lurer er at eg er skeptisk er at eg som nevnt over har prøvd to passive 10 meter kablar, og begge har hatt ulike defekter når eg koplar frå receiver til projektor. Ettersom dei andre kablane mine fungerer frå pc til prosjektor, men ikkje frå receiver til prosjektor tipper eg at hdmi signalet frå receiveren ikkje har kraft. Det er derfor eg er interessert i aktiv/forsterkande hdmi utstyr.
 
S

Syncrolux

Gjest
Jeg har også hatt problemer med en HDMI 1.4-spesifisert kabel på 10 meter. Den taklet ikke 60fps med Deep Colour. Nå ser jeg kun på Blu-ray, og der er det bare 8-bits signal uansett, og det har ingen konsekvens å skru av Deep Colour.
 

HellandB

Medlem
Ble medlem
11.07.2014
Innlegg
27
Antall liker
0
Kjøpte meg ny HDMI kabel, Sandstrøm HDMI-kabel, 15 m, nå er bilde heilt fint. Eg trudde dette var ein vanleg passiv kabel, men ettersom den eine enden av kabelen er merka med "TV", så er eg usikker. Av ein eller anna grunn var dei to 10 metereane eg hadde frå før ikkje gode nok.

Takk for hjelpa.
 
Topp Bunn