Dette er alltid vanskeleg.
Eg kjenner ikkje marknaden i Ørsta, men i Volda det jamt einebustader med utleigedel til mellom tre og fire mill ute. Ulempa er, som fleire har sagt, at det kan vera ganske dramatisk oppussingsbehov, både indre og ytre. Grunnarbeid vart nok utført etter ein annan standard for førti år sidan. Har sett mange hus på denne alderen som vert totalrenovert i eit omfang som i mine augo nærmar seg nybygg. Det er kult, men sluttprisen nærmar seg jo nesten nybygg, også.
Det er jo ikkje så mange ekte leiligheitsbygg sentralt i Volda, men ein del nybygg som kjem (snart). Av leiligheiter er Voldaportalen ("Kiwi ved HVO-rundkøyringa") snart ferdig. Der er det små leiligheiter som ikkje er grusomt dyre, og Kiwi, apotek og Intersport i første etasje. Elles er det planlagt bygg i krysset Fjellvegen/Kårstadvegen (på oppsida av lærarskulen, der Forsøksskulen stod), i Storgata (Møre-tomta) og i Rotset-fjøra. Alle desse trur eg vert veldig dyre, men sannsynlegvis moderne standard.
Blokkane i Håmyra er eit alternativ. 70-80 kvm til 3-4 mill, men ulempa der er at det er minst 150 høgdemeter opp frå sentrum. Det same problemet har eldre tomannsbustader/rekkjehus på Klepp, Heltne osb, som er meir sympatisk prisa. Du har sikkert sett denne i Håmyra:
Endeleilighet med 2 soverom og tiltalende standard. En delikat og fin leilighet som er beliggende i ende mot vest, den har god standard på bygning og
www.finn.no
Om du blir ufør vil jo behovet for å bo "sentralt" bli mindre viktig. Da er vel kollektiv tilbudet mer avgjørende.
Kollektivtilbod på bygda er vel ofte lik "sentralt". Retep veit nok best kva han vil ha, men eg ville nok prioritert sjansen til å koma meg ut, rundt og til å treffa folk.