Det kan koma ein del Tandberg-stoff frametter. Me byrjar med Sølvsuper 12. Og nokre jolaøl frå butikk.
Tandberg (1933-1978)
Tandberg har ein særskild plass i hjarta til nordmenn, og det er ikkje rart. Opp i gjennom åra, sidan starten i 1933, har dei produsert ei mengd glimrande produkt, både flotte og gode, og det finst mange samlarar, difor er prisane ofte høge for dei mest populære produkta. Sjølv er eg ingen samlar, eg prøver ut produkta eitt og eitt, etter kvart som eg tilfeldigvis kjem over dei, om prisane er akseptable. Dei eg ikkje ynskjer å halda på, går vidare. Om eg og Stig Inge har vorte i overkant ivrig, skuldar eg på den lokale reparatøren vår. Han er Tandberg-entusiast, og har kveikt interessa vår med kunnskapen sin, som han ivrig deler. Nokre apparat hadde eg frå før, slik som Sølvsuper 12 under, men har ikkje før no teke meg tid til å prøva ut. For det er jo liksom ikkje eit audiofilt produkt? Men som Audiophile.no sin kontainer-dykkar elskar eg å prøva ut alt som lyser opp når eg slår det på. Merke, rykte og pris spelar ingen rolle, det er alltid noko å læra frå alle produkt. Og det gjev deg eit uvurderlig oversyn. Du kan ikkje setja pris på eit godt produkt om du aldri har prøvd eit dårlegare.
Tandberg er diverre historie. Grunnleggjaren Vebjørn Tandberg gjekk bort i 1978.
Tandberg Sølvsuper 12
Kring 1975 lagde Tandberg ein prøveserie på 500 Sølvsuper 12. Dei var utrygge på om det var plass for denne i marknaden. Han vart raskt ein suksess, og vart følgd opp av Sølvsuper 12C i 1977, der C står for Cassette. Det finst og ein variant med både platespelar og kassett......
Les heile dagbokartikkelen i Audiophile.no
Sist redigert: