Desperat maktkamp i Arbeiderpartiet på 1970- og 80-tallet. Norsk dramaserie basert på sannhet, løgn og dårlig hukommelse.
tv.nrk.no
Førebels melding etter fyrste episode: Dette er bra!
Historisk drama er paradegreina for nasjonale ålmennkringkastarar som NRK og BBC. Denne gongen er tema maktspelet i Arbeidarpartiet frå midten av 1975-talet og ein ti års tid framover, altså starten på avviklinga av den sosialdemokratiske epoken i norsk historie. Flott.
NRK kunne gjort
Lykkeland omatt, eller strekt seg etter meisterverket
The Crown. Altså: Dei kunne laga dette som eit ordinært historisk drama, og brukt svære ressursar på å få tidskoloritten rett. Eller dei kunne laga blautkake, som moderne norsk WW2-film/serie.
Dei kunne også late ein fiktiv, eller fiksjonalisert, hovudperson (eller persongalleri) driva historia framover, og spegla "den ekte" historia gjennom denne.
Dei har valt ei anna løysing. Tidskoloritten er indikert (alle røykjer og går i stygge dressar, og bileta er i gråbrune fargar med mykje grain), men tydeleg
ikkje perfekt (vi ser elsparkesyklar, byggeplassen Regjeringskvartalet, nye Deichmann og Oslo Plaza). Den fjerde veggen vert broten heile tida, av møbelhandlar Engen som opptrer både som forteljar og deltakar. Kameraføringa er tett, og klippinga hakkete. Det same er linjene i historia, det er episodisk og fragmentert. Castinga er openbert, in your face, gjort for å understreka nokre poeng (td. var ikkje Bjartmar Gjerde nordlending, og Einar Førde var ikkje frå Oslo, men båe var effektive typar som fekk gjennomført politikk). Litt
Bridgerton, kanskje.
Eg tykkjer dette (postmoderne) grepet fungerer. Eg har brukt mykje tid, både på fritida og profesjonelt, på å høyra på historier frå det politiske Noreg på 1970- og 1980-talet, gjenfortalt frå nokon som "var med". Denne serien er litt som det du får/fekk høyra over ein øl (eller fire) på Justisen, og slik historia teiknar seg inni deg når du får ho fortalt.
Så er det veldig mykje, både politisk historie og sosialhistorie, som ikkje får plass i ein slik serie som Makta. Det får vi nesten leva med. Eg kunne sjølvsagt tenkt meg eit historisk drama på åtte sesongar á 12 episodar, og same produksjonsbudsjett som
The Crown eller
Game of Thrones, som følgde Arbeidarpartiet frå 1887 til 2013.