En ikonisk krimhelt vender tilbake. Og øyparadiset Jerseys fremste etterforsker har fremdeles mye å bevise, både som politi og pappa.
tv.nrk.no
Ikkje mitt førsteval når det gjeld britisk krim, men fordi eg hugsa originalserien som ein av dei første innslaga av Detektimen eg fekk sjå. I praksis ein miniserie, ikkje enkeltståande episodar som i gamle dagar.
Heilt grei serie, litt enkel "moderne britisk" krim, altså der etterforskar(ane) går rundt og snakkar med alle mistenkte, i mange omgangar, heilt til saka løysar seg. Det betyr at den eigentlege historia er den som leier opp til brotsverket, men den vert fortalt indirekte. Det som faktisk vert spelt ut, er ei rammeforteljing. Heilt standard greier, altså.
Fine bilete frå Jersey. Verkeleg. Karakterane derimot, engasjerte meg mykje mindre enn td. Shetland og Vera.
Plottet var svært enkelt og løysinga litt "opp-av-ekse" (eg mistenkte løysinga etter ca. halvgått tid, pga det tekniske narrativet: det var knapt fleire moglege skuldige). Til gjengjeld er episodane korte (ca. 40 min) og forteljinga økonomisk. Det er, som i nesten all moderne krim, ca. 1/5 som handlar om problem på heimebane (det minst interessante i slike seriar er at det er vanskeleg å kombinera å vera genial meisterdetektiv med familieliv), men det er iallfall gjort med litt moderasjon. Lite sosialrealisme og triste utslag av klassesamfunnet.
Det dei har vore flinke til, er å kutta ned på scener som berre er "transport": der vi forstår kva som skal skje og korleis.
Verkeleg ein "midt på treet" for min del.