For om lag tre generasjonar sidan var det heilt vanleg å brenne bråte, og det burde vi gjere også i dag.
Attgroinga fører til ei endring av landskapet vi må attende til yngre steinalder for å sjå maken til, slik at vi framleis kan oppleve det kulturlandskapet som har vore i kyst- og fjordstrøk sidan bronsealderen. Dei som trur at dei "ville" fjella ein framleis kan sjå er villmark, tek sørgjeleg feil - dette er kulturlandskap: utmark og beite.
Brenning er no særleg viktig sidan det stadig vert færre som driv gard for tida. Så politikken med å utrydde bøndene kan føre til at vi må tilsette nokre tusen landskapsgartnarar som kan gjere jobben husdyra tidlegare gjorde på sommarbeite (er det rart Deffe er for fri import av jordbruksprodukt?
) For dei få husdyra som er att, trengs også brenning. Dei store lyngbeita i fjellet er i dag mykje for gamle. Lyng er basis i geitehushaldet. Geit kan livnære seg med inntil 70% lyng i kosthaldet, medan sau (unntatt nokre spesielle utgåvar) må ha tilsvarande gras. Men geita er avhengig av friske skot, og når lyngen vert over 10 år gammal, er det svært lite av dette. Den gammaldagse sæterdrifta der både kyr, sauar og geiter beita i same område var svært god ressursutnytting, førte til fantastisk landskap og eit spesielt artsmangfald som no vert erstatta av bjørkeskog og kratt.
Kunsten å brenne bråte er ikkje heilt enkel, og det kan lett komme ut av kontroll. Vindretning, stigning og ikkje minst kor tørt det er i bakken er avgjerande for skikkeleg brenning.
I Skottland er dei ekspertar, men der er det mykje godt slutt på husdyrhaldet, og det er stort sett "stripebrenning" for å auke rypebestanden. (Når ein brenn lange striper inn i gammal lyng, dannar det seg mykje overgangsområde. Rypa får då friske skot å beite på, medan kyllingane har kort veg inn i gammal lyng der dei kan søkje ly for rovdyr og styggever.