Det verste av sånt var dei børstene med lodd som stod fast på pickupen, og fungerte som ein ekstra ekko-pickup.
Eg likte aldri desse ekstra-armane. Mine vinyllevereglar er:
1. Tørk platene skikkeleg, bruk LAST eller tilsvarande.
2. Karbonfiberbørste eller Dishwasherkordfløyelsdings før avspeling
3. Pass nøye på at pickupen er rein.
4. Dekk platespelaren, og iallfall platetallerkenen når han ikkje er i bruk.
5. Hald stovetemperaturen på ca 20 grader, iallfall ikkje meir enn 21 grader. Så slepp du ein del statisk elektrisitet.
6. Ha mykje grøne plantar i lytterommet. Lufta vert fukta, og den statiske elektrisiteten vert mindre.
7. Kjøp MoFi innercover til platene du spelar ofte. Eller slike frå Nagaoka (billegare, men noko pludrete. Kan brukast på plater du spelar ikkje så ofte)
8. Pass på at spelaren står i water. Helst på ei vegghylle (om du ikkje har Dual eller spelar i ei kjellarstove. Har du tangentialarm utan luftlagring er det også ein del vi kan snakke om under dette bodet)
9. Bruk pickup med fin sliping (VdH, Gyger, Garrott, Fineline, eller anna lita og forseggjort nål)
10. Ikkje la pickupen gå på tomgang i innerrilla, dersom du ikkje skal slite han fort ut.