kyrrelaastad
Hi-Fi interessert
- Ble medlem
- 18.08.2013
- Innlegg
- 58
- Antall liker
- 35
Hei alle saman,
Eg treng litt hjelp her. Har ein TR1010 som slo seg vrang på ein kanal for litt sida med høgt brum. Bestilte nye elektrolyttkondensatorar til heile recieveren og bytta dei no i helga. No let den heilt supert, men det er dessverre kun lyd i høgre kanal. Når eg trykker inn MONO R-knappen så speler høgre kanal fint i begge øyre. Når eg byttar om L og R (422 og 423) utifrå venderkortet til forforsterkerkortet så kjem lyden i venstre kanal. Og no byrjar mine manglande feilsøkerevner å slå inn: dette betyr at problemet må ligge foran forforsterkerkortet, ikkje sant? Altså på venderkortet eller inngangskortet. Eg har prøvd både FM, og tape 1 og 2-inngang og fått same resultat, så det tyder vel på at problemet ikkje ligg på inngangskortet, sidan FM ikkje går innom der, men går rett til venderkortet. I tillegg så har eg lytta med headset i Tape 3-utgangen og fått (svak) lyd i begge øyre heilt til eg trykker inn preamp rec-knappen, og då har eg lyd berre i høgre kanal igjen.
Ein ting til, eg bestilte ein for lite 10 uF 40V elektrolytt, så den gamle står fortsatt i på C407, mens C408 har fått ny kondensator. Kan dette ha noko med saken å gjere? Det var jo lyd i begge kanalar før eg byrja å skifte lyttar, så det tyder vel på at dette ikkje er problemet her. Eller? Kan eg sette i ein 22 uF 50V for å sjekke, eller blir det berre trøbbel av å endre denne verdien?
Tar imot råd og hjelp med takk.

Vedlegg
-
82.5 KB Visninger: 597
-
47.1 KB Visninger: 595