Bra tema, som synte at det nye konseptet har nokre kvalitetar.
Dei var innom problemstillinga i gamle SK også (særleg i sjangrane opera og latino), men då gjerne sporadisk og tilfeldig. For min del kunne dei gjerne hatt “fransk” eller “italiensk” som tema.
Måneskin på italiensk er litt artig, og uttalen på “Zitti e buoni” trur eg var grei, men Eric mangla litt av vokalen som får låta til funka. “Grønsjen” i røysta, som tenåringen sa.
Eg liker godt Barbara Pravi (og frankofon pop generelt), og vart slått av kor bra Akuvi (som er ein av favorittane mine) greidde seg. Først. Heilt til ho gløymde seg, og uttalen vart veldig oschlo-fransk på siste del.
Playlist · Hilanda · 47 items · 3 saves
open.spotify.com
Eigentleg hadde eg ingen klare antipatiar denne gongen.