Får ikkje inn NRK Sogn og Fjordane på DAB i bilen. Men får Hordaland. Køyrer eg på fjellet, får eg inn Møre og Romsdal. Men Sogn og Fjordane får eg berre inn på FM eller strøymeteneste.
Høyrde heldigvis FM sist orkan, der straumen var borte i tre dagar. Då fungerte ikkje eingong mobilnettet, og rådmannens krisestab måtte kallast inn pr. ordonans. Litt vanskeleg når det låg rotvelta tre over vegen..
Når vi ikkje har telefon, straum eller kommunikasjon av noko slag, kan det fort bli litt tøft. Særleg om anbodsinnehavarane ikkje er pliktige til å reparere kablar, ferger og likande anna enn i vanleg arbeidstid (helge- og kveldstillegg gjer det for dyrt, må vite..)