Noko forseinka som vanleg, men ikkje so seint at ikkje bærbare høgtalarar framleis er aktuelt? Pluss musikk og som vanleg ølspalta, denne gongen med lakk og lær.
JBL GO 1, 2 og 3
Det er framleis sumar, sist eg sjekka, og me nyttar difor høvet til å presentera endå eit par USB-høgtalarar. Av særskilt interesse for meg og Stig Inge Bjørge, Lyra pickup-mannen som har busett seg i Japan, er seinaste utgåva av blåtann-høgtalaren JBL GO, dvs GO 3. Eg har tidlegare omtala GO 1, som me begge vart forelska i og har nytta mykje. Det var "dings-oholikar" Stig Inge som presenterte meg for denne for mange år sidan; eg fall pladask for denne søte høgtaleren som gjer underverker med lyden kopla opp mot ein smart-telefon eller ei datamaskin. I starten skjønte eg ingenting av denne teknologien, og trudde lyden vart overført gjennom den oransje leidningen som fylgde med. Seinare forstod eg at denne berre var for lading, og at lyden vart overført trådlaust. (Det er ikkje alltid eg heng med i utviklinga. Eg er fyrst og framst tilbedar av det gode gamle stereoanlegget). Ein USB-høgtalar inneheld m.a.o. ein mottakar for USB-signalet frå mobil eller PC/Mac, ein omvandlar til analog, og ein liten forsterkar til å driva høgtalarelementa....
Les heile junidagboka til Stig Arne i Audiophile.no