Dette er to ganske ulike platespelarar, som heilt klart er glimrande, men på svært ulike måtar. Personleg held eg ein knapp på 1210, men det kjem mykje an på kva pickup som skal brukast, og litt lydpreferansane generelt. Eg trur eg vil hevde at Rega-armane er generelt betre enn 1210-armen (som er ei litt ribba trist utgåve av Technics sin topparm gjennom tidene EPA 100, og eigentleg ein typisk japansk arm frå 70-talet, litt forfina), men drivverket til 1210 er verkeleg godt. Om du då ikkje lar deg sjenere av DD-lyden (som du ikkje høyrer med ein gong. Om du derimot går frå ein 1200 eller 1210 til ein Rega 3, vil du ganske sikkert oppleve lyden som annleis, gjerne betre. Men har du ditt lyttefokus meir til timing og dynamikk, så...
Og meir tør eg ikkje seie om dette........