Nei, dette er ikkje ein blues-pickup – eller forresten, han er det også. Kiseki kan brukast til alt. Ein av dei legendariske pickupane frå 70-talet er endå tilgjengeleg.
Er du så gammal at du hugsar tida då eit stereoanlegg var eit stereoanlegg, og ein pickup var ein pickup? Den store gullalderen til vinylplatene? I tilfelle det er gløymt i dagens digitalstrøymeteneste kan det vere på sin plass å friske opp minnet:
Det var ei tid då vinylplater var det einaste seriøse og kommersielle musikformatet. Spoleband var for dyrt og tungvint for folk flest, og kassettspelarane var ikkje gode nok. Så alle hadde platespelar, og naturlegvis pickup på desse. Alle forsterkarar eller receiverar hadde platespelar tilpassa standard moving magnet på 47 kOhm. Dette omfatta også billege ting. Ikkje alle såg seg råd til dyre anlegg, men det skulle likevel vere skapeleg lydkvalitet, så det nytta ikkje utan ein viss kvalitet. Den gjengse oppfatninga var at platene skulle skånast så godt som råd for slitasje, og stifttrykket så lågt som muleg. Pickupar og armar skulle vere lette, og dei færraste hadde høyrt om moving coil. (Einaste unnataket var danske Ortofon, som produserte ting for marknadane i aust).
Informasjonen om avspelingsutstyr kom frå USA, der Joseph Grado sat på patentretten til MC. Men ettersom han var storprodusent av moving magnet/iron-pickupar, slapp han ikkje MC-ane laus på den amerikanske. Også i Noreg vart det såleis svært få som kjende til MC-konstruksjonane. Dei mest utbreidde platespelarprodusentane var Garrard, Philips og Dual. Som hadde greie pickupar og pickuparmar inkludert i prisen, og alt var i harmoni. Lite ante vi at ein platespelarrevolusjon var på veg...
Japanarane kjem!
I Japan var situasjonen heilt annleis. Musikkelskarane der i aust hadde ein annan type pickupar, moving coil, som skilde seg kraftig frå moving magnet og moving iron på fleire måtar. For det fyrste var dei ofte ganske store og måtte ha høgt stifttrykk. Dei var stive, og likte seg best i tyngre armar enn dei gjengse vestlege armane, og ikkje minst hadde dei lågt utgangssignal, slik at dei måtte ha ekstra forsterkar, eller ein tilpasningstransformator. Og så var dei oftast best med mindre motstandslast enn den vestleg standardiserte MM-inngangen med 47 kOhm....
Les heile testen av Kiseki Blue i Audiophile.no
Sist redigert: