For den som er oppteken av maksimalt god lyd, er det ingen grunn til å nøye seg med ein enkel CD-spelar eller strøymetenester direkte gjennom pc-en. Ved å tappe signalet digitalt og bruke ein ekstern konvertar, kan ein oppnå forbetringar. Matrix er såleis svært interessant å ha i anlegget.
Så langt har eg ikkje fått sjansen til å prøve ut skikkeleg seriøse digital-analog-konverterar (DAK) i eige anlegg, berre nokre relativt rimelege greier som eg ikkje fann noko poeng å skrive om, all den tid det var lite forbetringar å hente samanlikna med den innebygde i min Oppo 105. Men no skulle eg altså få prøve eit langt meir ambisiøst produkt til alvorleg pris
Framtoning
Matrix X-Sabre PRO MQA er fysisk sett ganske liten, men vekt åleine indikerer at dette er eit produkt som meiner alvor. «Tung hifi» har ofte tjukkare kabinett enn dei billegare konkurrentane, naturleg nok då vekt og fraktkostnadar vert ein forsvinnande liten del når produktet kostar 26 000, medan dei i lågare prissegment veg så lite at apparatet gjerne flyttar på seg når du prøver å trykke på knappane. Det slepp du med Matrix, som held seg på same stad som du plasserte han. I mitt tilfelle var det på toppen av min nye Vera Audio 400/1000 effektforsterkar. Desse to apparata passar saman som hand i hanske på alle måtar, både lydleg og designmessig, med same svarte farge, og same storleik. Det einaste er at dei bør ha godt med luft rundt seg for kjølinga sin del. Elles har Matrix alle dei digitale inngangar du kan forvente deg, endåtil noko som såg ut som ein HDMI-inngang, men som er av eit nytt slag eg ikkje kjenner til. Utgangar finnest både med XLR og RCA, og Matrix stetter såleis alle dei behov du måtte ha....
Les heile testen av Matrix X-Sabre Pro MQA hos Audiophile.no