TEST: Musical Fidelity M8s forsterkarsett

MF_M8s-15.jpg


Likar du overflod?
Her er overflod!

Musical Fidelity er ein elektronikkprodusent med ein svært spennande og lang historie. Grunnleggjaren, engelske Anthony Michaelson, var fyrst og framst musikar (klarinettist). Men han var også ingeniør, og den eine eigarparten av røyrforsterkarprodusenten Michaelson & Austin, som hadde nokre effektforsterkarar med uvanleg godt rykte i gamle dagar. Men Michaelson hadde fleire ambisjonar, og starta MF. Der tok han til å eksperimentere med nuvistorar, ein slags mellomting mellom rør og transistorar laga av metall og keramikk, som MF framleis brukar i ei heil produktlinje, frå riaa-trinn og CD-spelar til forsterkarkonstruksjonar. Desse spennande produkta skal kunne by på mange av fordelane til rør utan dei fleste problema. Også lagast mange andre produkt i mange prisklassar, også reine transistorkonstruksjonar, mellom anna eit nydeleg riaatrinn som har vore prøvde ut av Audiophile.no. Effektforsterkarar på opptil 100Watt i klasse A er heller ikkje kvardagskost, og den myteomspunne Titan effektforsterkaren er nok den kraftigaste effektforsterkaren som har vore tilgjengeleg på marknaden, som visstnok kunne levere 4000 watt i 2 ohm. Få har høyrt dette monsteret, men det skal vere testa av Stereophile. Vi kan nok rekne med at dette prestisjeproduktet har vore med i tankane til konstruktøren når M8-S700M skulle designast.

Men Musical Fidelity si produktlinje har utvikla seg vidare. Klasse A-produkta er borte, og det nye toppsettet av forsterkarar er 8-serien, som består av ein integrert forsterkar med rå data, men framfor alt forforsterkaren M8s Pre og monotrinna M8s700, som eg no altså har fått sjansen til å prøve ut. Dette er ein av dei meir brutale forsterkarsetta på marknaden, og det lovast 700 ekte Watt i 8 Ohm pr kanal. Det medfører at eg får usannsynlege 1350 Watt til kvar av mine 4 Ohms MBL 101e mk 2 høgtalarar. Desse høgtalarane har ein grusom akilleshæl; dei spelar berre 80 dB/Wm, så du treng eigentleg uendeleg med krefter. Og det får dei no. Greier M8s700 denne jobben, vil eg påstå at dei er rigga for å klare kva som helst av høgtalarar. Eg gler meg, men ikkje berre for å spele høgt. Greier forsterkarane å spele med finesse, eller er det berre grove musklar?

Musical Fidelity har vore gjennom store endringar. Her i landet har dei fått importør, og produksjonen er lagt til Taiwan. På importøren Audiocom sine heimesider forteljast det at dei no er austerrikske. Det ligg eit intervju med grunnleggjaren på Musikal Fidelity sine websider, men det gjev slett ikkje svar på alle spørsmål.

Uansett, det var svært spennande å få ganske nøyaktig hundre kilo elektronikk frå MF inn i Audiophile-stova. Godt, forsvarleg innpakking som tok si tid å pakke ut. Men til slutt var anlegget klart til bruk....

Les heile testen i Audiophile.no

MF_M8s-11.jpg
 

Kommentarer

hifi.vinyl

Hi-Fi interessert
Ble medlem
16.10.2019
Innlegg
50
Antall liker
201
Sted
Vinterbro
Veldig spennende lesning😁. Er i tenkeboksen når det gjelder m8s pre. Har tidligere hatt mf og har vel i grunn savnet det siden. Er det muligheter for hjemlån av m8s pre?
 

Audiocom HiFi

Bransjeaktør
Ble medlem
16.07.2020
Innlegg
22
Antall liker
18
Sted
Kristiansand
Torget vurderinger
5
Veldig spennende lesning😁. Er i tenkeboksen når det gjelder m8s pre. Har tidligere hatt mf og har vel i grunn savnet det siden. Er det muligheter for hjemlån av m8s pre?
Vi har diskutert innad i firma hvordan vi eventuelt skulle løst utlån, og pr i dag har vi et integrert web, lager og ERP-system som ikke gjør dette veldig enkelt. Vi kommer til å ta ut produkter med jevne mellomrom som vi sender rundt på utlån, men på generell basis så er det enklere for oss å jobbe med returrett. Men kontakt meg gjerne på PM eller hifi@audiocom.no for å diskutere videre.
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
981
Link til alle artikler
407
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

  • 0
I dag har Bowers & Wilkins lansert 3 Signature-modeller i 700 S3-serien. Det dreier seg om de to toppmodellene i henholdsvis stativ og gulvstående utførelse. Og i tillegg har de for første gang i...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz 2024 laurdag og sundag

Vossajazz 2024 laurdag og sundag

  • 0
Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

  • 9
Bowers & Wilkins lanserte 600 S3 i fjor sommer, en serie som består av tre stereomodeller og en senterhøyttaler. Vi har hatt den største stativmodellen på en svært grundig test, og tar samtidig et...
Fortsett
Audiophile.no
Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

  • 2
Forrige helg var det to interessante HiFi-arrangement i hovedstadsområdet. Vi snakker om Oslo HiFi Show 2024 i Asker, og VårPuls 2024 hos Oslo Hifi Center i Oslo sentrum. Audiophile.no avla Oslo...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz - i lys loge!

Vossajazz - i lys loge!

  • 0
Ja folkens det er Vossajazz att, eg har alt skrive ei lita påminning i februar-dagboka. Opningskonserten er kl. 6 i Vossasalen på Park Hotel med Øyunn, dvs Siv Øyunn Kjenstad, om få timar når eg...
Fortsett
Audiophile.no
Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

  • 2
Denne gongen om mekaniske svakheiter, oppklaring av mistydingar, og Vossajazz. Og 5 øl frå KINN. Audioquest Red og Cobalt DAC problem Eg har lodda Red ei gong, og no slutta han atter å fungera...
Fortsett
Topp Bunn