Her er en for Arve;
"Kvifor vil ikkje du suga når vårsøg?"
Jau då, morosam den der, men med visse manglar.
1. Det gjeldande uttrykket for å formidle at ein ikkje likar noko, og at det er dumt (sucks), vert "det syge" på talemålet ungdomane likar no.
Difor er suging vanskeleg å lage poeng på. Men eg er ein gammal mann, og ikkje nødvendigvis opphengd i noverande uttrykk. Så okei.
2. Bøyinga av å suge er slik på nynorsk:
Å suge - syg - saug - har sugd (klammeform soge. Trur ikkje det er andre klammeformer, så -søg mistar litt poeng)
3. Merk at vi nordfjordingar - og møringar - brukar e-infinitiv, slik som bokmål, men det mest vanlege er a-infinitiv, som brukast frå Sunnfjord og dei aller fleste stadar der det talast vestnorske dialektar, dvs t.o.m. Sørlandet.
Det morosame uttrykket må difor verte: "Kvifor vil ikkje du suge når vårsaug?", noko som ikkje er morsamt. Iallfall ikkje nok til at vi kan le utan grundig gjennomtenking fyrst.
Men takk for forsøket. Du er på rett veg, som eg brukar å seie til elevane.
(elles vil det kanskje i denne settinga vere morosamt med "å Sluke", men her er det for tidleg på morgonen til å komme med slikt. Får sjå seinare)