Utskjelte men populære, her kjem ein omtale av eit par gamle, klassiske Cerwin Vega, som eg har reparert. Og so har me hamstra jolaøl, ikkje toalettpapir.
Kven har ikkje høyrt om Cerwin Vega? Endeleg fekk eg lytta til eit sett. Det var meir lærerikt enn venta. Og endå fleire jolaøl, men der set me strek.
Cerwin Vega AT-40 (1989)
Eg får meg ikkje til å mislika denne høgtalaren. Ja, han har ikkje noko godt rykte i audiofile krinsar. Eg veit det. Men her er so mange ting å lika. Høgtalaren er gamaldags pen. Han er passe stor, han som ikkje har plass til denne må vera gift. Kabinettet er ikkje meir skranglete enn mange andre, og det har sin eigen fot, til og med med knottar under, noko alle burde ha. Grillstoffet er limt på ei fint maskinert råme utan fliser og skarpe kantar, og limet held. På dei fleste eldre høgtalarar må eg bruka tid på å lima løysna grillstoff fast att til råma. Dei har ei viss vekt, so både visuelt og mekanisk gjev dei eit tillitsvekkjande inntrykk, særskilt med tanke på prisen. Eigaren betalte 1500 kr. for desse, nye! Det må ha vore særs rimeleg, sjølv i 1989. For dette er ein stor høgtalar, i alle fall mellomstor. Med tre element, og eit basselement på 10 tommar, er dette meir enn eg har vore van med, og difor spanande. Og eit godt kompromiss. Varianten med 12” bass er større, tyngre og dyrare, og vanskelegare å hysa. Men eg vonar å få prøvd ein slik òg ei gong, for ikkje å snakka om versjonen med 15 tommar! Merk at her er eit skilje mellom amerikansk produksjon og kinesisk. VE-modellane (frå og med?) er laga i Kina og har dårlegare rykte. Om dette er rett eller fordommar kan eg ikkje seia.
Høgtalarane kom i hus av di skumgummiopphenget til basselementet hadde smuldra, akkurat som på AR 18 s i førre dagboka. Eg tok på meg oppgåva med å “refoama” dei. (Eg lærde i prosessen at refoama og rekona er to ulike ting. Å refoama er å byta kantoppheng, å rekona er å byte heile membranet (konen) med talepole. Det er ein heilt annan prosess, som eg aldri har gjort....
Les heie desemberdagboka til Stig Arne i Audiophile.no
Sist redigert av en moderator: