Gløttet litt på treningsopplegget til Nils, som kom vant og forsvant. Det meste foregikk på sykkelsetet.
---
Professorens vurdering
Professor ved Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap, og leiar for Senter for Toppidrettsforskning, Øyvind Sandbakk har vurdert avhandlinga til Nils van der Poel.
– Det er veldig imponerande. Han er veldig systematisk, dedikert, innovativ og lidenskapeleg i treningsprosessen sin, seier Sandbakk til NRK.
Sandbakk pratar engasjert på inn- og utpust om det han har lese. Han tykkjer det er heilt unikt at Nils van der Poel rett og slett har utarbeidd sin eigen treningsfilosofi.
– Det liknar litt på det Team Ingebrigtsen og Karsten Warholm og Leif Olav Alnes gjer. I at dei er så systematiske og tek så stor eigarskap til treninga si.
Periodisering
Dokumentet til Nils van der Poel viser at han har delt opp treninga i fire periodar
- Mars, april, mai, juni og juli: mengdetrening. Såkalla aerob trening.
- Lange økter på sykkelen, utan at han trenar med høg puls i særleg grad. Ei økt kvar dag. 6–7 timar.
- August, september, halve oktober: terskeltrening.
- Her blir øktene litt kortare økter, men med høgare puls i deler av treninga. Framleis skjer det meste på sykkel.
- Tre veker før sesongstart i verdscupen: skøytetrening.
- Fyrst no trenar han med skøyter på føtene. Og da går all trening i to forskjellige hastigheiter på isen: verdsrekordfart på 5000 meter og verdsrekordfart på 10.000 meter.
- Treningsperiode i sesong: mengde.
- For å ikkje miste den aerobe kapasiteten i sesongen, så legg van der Poel inn nokre veker der han går attende til mengdetreninga. Altså: lange sykkelturar.
Professor Øyvind Sandbakk meiner likevel at dette er ganske grunnleggjande treningslære, men at det er ein ting som er heilt unikt.
– Eg har sjeldan sett så ekstrem belastning fulgt av så mange kviledagar i ei treningsdagbok, seier han.
I opplegget sitt er utgangspunktet til Nils van der Poel at han skal trene måndag til fredag og kvile i helgane. Fem dagar trening, kvile i to.
– Men han kviler enda meir enn dei oppsette dagane. Fordi han gjer dei same øktene opp att og opp att, så kjenner han kroppen sin så godt. Når det ikkje funkar optimalt, så stoppar han, seier Sandbakk.
Sven Kramer fnyser av van der Poels store hemmelegheit – NRK Sport – Sportsnyheter, resultater og sendeplan