Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024, laurdag og sundag.
Tingingsverket: Hanna Paulsberg “Do you Want my job?"
“Do you want my job?” do you want the hassle” syng Hanna rytmisk gyngande, og får publikum med på refrenget.. Det er tydelegvis ingen dans på roser å vera jazzmusikar. Men kva skal ein elles finna på? Eg har vore på fleire konsertar med saksofonisten Hanna Paulsberg, og alltid oppfatta ho som meir lyrisk og melodisk enn dei fleste. Med tingingsverket har ho reindyrka denne trenden ytterlegare. Det var rett og slett uvant melodisk. Eg har fleire gonger ytra meg kritisk til tingingsverka, som ofte har vore prega av ein vanskeleg tilgjengeleg flinkisme. Ikkje slik med Hanna. Ho seier ingenting når ingenting treng seiast. Stundom malte ho berre eit lydbilete oppå dei andre sine bidrag. Og stundom var det heilt stilt. Ikkje ein tone. Magisk, og overraskande. Hanna her tydelegvis ingen trong for å briljera. Dette var so nedpå at det var ein fryd. Det verka gjennomkomponert, og innøvd. Og ein leksjon i kunsten å beherska seg. Eg har leita etter ting å pirka på, men har gjeve opp. Denne konserten var ein fryd frå ende til annan. Eg ville gjerne sete midt i salen med tanke på lyden, men kom for seint, og måtte sitja heilt framme, på presseplassane. Det er ideellt med tanke på fotografering, men ikkje lyd. Eg oppfatta likevel lyden som naturleg, glatt og uvrengt. Eg har rett og slett lite og ingenting negativt å seia om denne konserten, som er eit av dei beste tingingsverka eg har opplevt, og alle eg snakka med etter konserten var samde. Terningkast 10. Kjem dette på plate? Eg kryssar fingrane.
Men revolver mot tinningen har eg ei innvending: Ein inderleg roleg og vakker låt på slutten av konserten vart avløyst av ein meir “uptempo”. Dette er heilt normalt, for å skapa variasjon i programmet. Det fungerer dårleg for meg. Etter ein slik varleg og vakker låt går eg inn i ein kokong av varme og ro, som eg veldig gjerne vil halda på, og ikkje rivast opp i frå. Eg skulle ynskje at konserten hadde slutta med ein slik roleg låt, og at den etterfylgjande hadde kome før. Men det er no berre meg. ....
Les heile artikkelen frå Vossajazz på laurdag og sundag i Audiophile.no