Ja folkens det er Vossajazz att, eg har alt skrive ei lita påminning i februar-dagboka. Opningskonserten er kl. 6 i Vossasalen på Park Hotel med Øyunn, dvs Siv Øyunn Kjenstad, om få timar når eg skriv denne innleiinga. Seinare går det slag i slag heile helga. Veret ser ikkje bra ut med tanke på påsketuristane, men for oss svartkledde jazzarar passar det perfekt. Jazz er heldigvis ein inne-idrott.
FREDAG
Kl 8 i Gamlekinoen spelar Gabriel Fliflet (65) med ein herleg gjeng (melding kjem etterpå). Han er intervjua av Vidar Herre i avisa Hordaland og seier at han må ta det litt med ro, for ikkje å hamna på akutten. Han er ein skøyar han Gabriel. Han har elles delteke på festivalen i mange år, både som artist og turist (frå Bergen), og hevdar at festivalen held seg forbløffande bra, meir vital enn nokon sinne. Det skal me snart finna ut av!
Kl 11. har eg tenkt å få med meg Marius Neset Quintet i Gamlekinoen, og dessutan Resjemheia på Park. Det er dei eg har sett meg ut i fyrste omgang. Omtale vil fylgja under.
Festivalleiar Laila Melkevoll gav mikrofonen vidare fyrst til kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, som opna festivalen offisielt, og vidare til Kjartan Fløgstad, som opna festivalen med eit lengre dikt som rett og slett var hysterisk morosamt, og publikum kvitterte med uhindra latter. Eg klappa alt eg kunne med forstua tommeltott. Ein idrotts-skade; det har nett vore NM for alpinveteranane i bygda. Eg gjekk på trynet...
Les heile artikkelen om Vossajazz - fredag på Audiophile.no