Audiophile-Arve
Æresmedlem
Eg kan ikkje hjelpe for det. Eg er av natur fanatisk (sjå berre målbruken). Og så har eg ein ARC SP 10 (siste utgåve). Kjøpt frå Glotta i 1987, så til hausten skal eg ha jubileum.
Har prøvd litt av kvart, også av ARC. Dei er aldri dårlege, men byr alltid på fantastisk lyd (iallfall det som ikkje er reine transistorkonstruksjonar). Og ARC SP 10 er etter mitt (sterkt) subjektive syn det beste som nokonsinne har kome derifrå (av forforsterkarar). Grunnen er nok at eg er forelska i riaa-delen. Her putrar 8 stk 6DJ8-rør, medan 4 til står i linjedelen.
Så lenge eg har ein pickup som leverer sånn 0,4 (men helst over 0,6) mV i ein god platespelararm, ser eg ingen grunn til å byte ut denne saken. Han er gammal, støyar ørlite, og eg har noko kluss i samspelet med det elektroniske delefilteret som er ein del av høgtalarane mine (InnerSound Eros). Likevel er dette utruleg bra. Eg veit at Rudi gav opp sin til fordel for ein Aestetix, men har ikkje høyrt denne så langt..
Eg reknar med at Manley Steelhead er ein betre riaa, og at ASR sin store riaa har meir å by på. Likevel er eg lukkeleg.
Halleluja!