Takker for varme ord og nyansert tilbakemelding, Tom Erik, den stemmer overens med min egen.
Det var et hyggelig knippe representanter frå Arendal Lydlaug som troppa opp mannsterkt hjå meg i forgårs; Tommy, Gjert, Tom Erik, Melges og StereoJoe.
Forsøket med å mate sluttrinnet med cd/pre kombo gav meirsmak, skulle gjerne ha testa dette litt vidare altså. Dette er første gangen eg har hatt rør-produkter oppkobla hjå meg.
Dei lydmessige endringane med slik løsning kontra egen, var av ikkje-ubetydelig grad. Innbyrdes oppførte også Audio Aero Capitole og Ancient Audio Lektor IV seg ganske så ulikt. Det var lett å like begge; Capitolen med sine dynamiske smekk, breede og detaljerte lydbilde med ein mellomtone som var alt anna enn tilbaketrukke ift eget oppsett, og Lektoren med sin nydelige varme, litt meir forsiktige og ganske så homogene gjengivelse.
Fellestrekka mellom desse to kjeldene var, som Tom Erik er inne på, at ting løsna litt meir og ikkje lenger var så laidback som med min audiolab/dp kombo med passiv pre. Med Capitole innkobla fekk eg assosiasjoner til den gang DP C1b var på besøk; ein husker ikkje gjengivelsen etter så lang tid, skulle berre mangle, men eg husker inntrykkene mine, og dei samsvarer bra med musikkopplevelsen denne kvelden.
Btw; ta gjerne med fleire plater neste gang, folkens, alltid spennande å bli kjent med nytt!
Denne kvelden var dels foredrag av, samt samtale med Lauvland rundt filosofien bak hans kreasjoner, i denne omgang nærmare bestemt modell 73.
At det vart halde hjå meg var kun av praktiske årsaker (plass). Dette var ingen test for å finne ut i hvilken grad 73 med passiv Doxa pre passa med oppsettet mitt (og lånt, lekker Cary).
Men for all del, dette var på ingen skivebom for å seie det slik!
Ut frå kva eg hørte denne kvelden kan det virke som understament de lux å påstå at 73 gir bang for the bucks. Tipper den - etter mitt skjønn - lave prisen i seg sjølv kan vere nok til at fleire enn undertegnede i forkant av evt prøvesmaking har lett for å avskrive denne som kandidat i eget oppsett.
Etter 30.12.2008, den dagen DPA 6.4 landa i heimen, har absolutt ingenting skjedd i heimen mhp avspelingsutstyr. Ikkje ein liten duppeditt eingang. Kun plater.
Tenkte eg kunne svare deg med bilder, når nytt kom på plass. Men, [WARNING - TABU] suget etter anna utstyr har nærmast vore fråverande i 1 1/2 år så langt [/WARNING - TABU].
For all del, eg har fått demonstrert saker som har gitt solide lydmessige og brukervennlige løft, og bøta for et par svake sider ved oppsettet (bl.a. økt dybde, det "slapp" meir, mindre laidback, økt oppløsning heilt i toppen), men det har rett og slett kosta meir enn eg liker.
Tenkte eg kunne svare deg med bilder, når nytt kom på plass. Men, [WARNING - TABU] suget etter anna utstyr har nærmast vore fråverande i 1 1/2 år så langt [/WARNING - TABU].
1 1/2 år ja... nesten alt eg har stående selv har vært i eie nå ca 10år, så ...... Har ikke et enormt sug etter nytt utstyr heller, sett bort fra at aktiv pre'n C1b frister veldig, men det får vente en stund til... Hadde sikkert vært en naturlig trinn for deg også, med tanke på at vi har det samme "svake"(!?) ledd...
God påske ;D
Våren og sommaren er over, mørketida er tilbake. Det betyr at eg igjen setter av litt tid framfor anlegget.
Igjen har eg gjestar på besøk, denne gangen StereoJoes klassiske dynaBel Euforia. Konstruksjonen skiller seg tydelig frå mine Revolution, hvilket også gir seg utslag i gjengivelsen. Likefullt er mitt inntrykk at fellesnevnarane er vel så store som differansane. Av differansar (utover det åpenbare, synlige; Euforias høgde og blanke, lyse overflate får Revolution til å framstå som litt meir sjenerte) kan eg nevne større oppløsning i toppen på Euforia, samtidig er gjennomsiktigheten (bokstavelig talt) her større på Revolution. Euforia går djupare, og smeller til med større dynamikk. Mezzanine med Massive Attack rister stova så bildene vibrerer kraftig på veggen, og vitrineskapet klirrer lett skremt med sine glassdører og porselenstallerkner. Utover dette, og det faktum at Euforia er et vakkert stykke møbel, "forstyrrer" ikkje desse to høgtalarparene musikken, og trekker seg diskret tilbake og gir lyttaren fullt fokus på det avspelte materiale.
For mitt tilfelle har hifi blitt litt mindre intr, og musikk langt meir intr, etter DP+Gradient komboen var på plass i stova mi 30. desember 2008, det gjenspeilast gjerne i aktiviteten i denne tråden sidan den gang . Noko av det same skjer her med Euforia; her kjem musikken til rette!
Oppgraderingane fortsetter i eit forrykande tempo.
Har fått hylle til Regaen og klokke på veggen og greier.
Kobla opp Sonos i haust, fungerer greitt til bakgrunnsmusikk (tek meg sjeldan tid dedikert til lytting only). Det fine med Sonos er at no kan resten av familien, store som små, også bruke oppsettet med letthet.
Er forøvrig mycket nöjd, og jaget etter nytt/anna har ikkje plaga meg nevneverdig sidan DPA 6.4 gjorte sitt inntog på tampen av 2008.
Ønsker har ein alltids, men slår meg foreløpig lukkeleg (og dels uvitande) til ro med det eg har levd med siste årene.
Bildene vart dessverre noko overeksponerte. Beklagar det, men det får gå.
(sit og ser på Harald Heide Steen Jr. - Rene Blegen mens eg ventar på at bildene blir opplasta)
Det er sanneleg på tide, SJ.
Berre å hiva seg innom, elektronikken er ferdig oppvarma heile mørketida gjennom.
Må få teke ein tur bortom deg óg snart, er klar for seine musikkveldar att!
Mvh
Karl
Takk det same, Kai. Spelar mykje musikk, men har vore frykteleg lite her inne dei siste åra.
Dette er meir eller mindre gjengs blant Gradienteigarar flest visstnok: sit nok og spelar musikk istaden for å surfe på sentralen (akkurat no multi-taskar eg).
To spreke damer på besøk i kveld i stova - Alison Krauss og Kari Bremnes. Og idet damene takkar for seg, og senga kaller, bankar sjølvaste Keith Jarrett, Gary Peacock og Jack DeJohnette på døra.
Velkommen inn - spel opp! Det vert ein sein kveld..
S.A.T. Balanserad Grammofonförstärkare, vår fantastiske riaa, som eg kjøpte av Fosse for ei tid tilbake, er på veg ut av heimen.
Skikkelege saker dette, fullbalansert og dobbel strømforsyning med bra med innstillingsmuligheter.
Takk for mange gode musikkstunder, you served us well!
Hint: noko anna du saknar i signaturen min, sidan du studerer den, Kai?
Knipsa litt fleire bilder då eg fyrst var i gang, denne gang min trufaste DP BPC 7.0
Sliter litt med å få skarpt fokus med objektivet (må nok ha nytt), men det får duge:
DP riaa har iallefall mange år vore ein drøm, og eg var nær ved å handla ein av ein anerkjent jazzmusikar for sju år sidan, men nei.
Eg ønsker at oppsettet lydmessig skal stå minst mulig i vegen for gjengivelsen av opptaket. Og det til ein overkommelig pris. I tillegg har eg, bl.a pga delvis lange kabelstrekk, hatt eit ønske om balansert konstruksjon. Dessutan vil eg helst finna noko eg ønsker å beholde over lang tid, og sleppa å kjenna på eit meir eller mindre kontinuerleg sug etter nytt. Mission impossible?
Dette har vore tidkrevande.
Har vurdert knallgode kandidatar både frå DP C1b*, Audio Aero Capitole MkII*, Stello, Eximus, ML ++. Dei to førstnevnte har eg med stort hell testa i eige oppsett.
Har valgt å gå for eit for mange litt ukjent merke som eg har blitt presentert for under fleire lytteseansar hjå ein forhandlar eg har stor respekt og tillit til når det gjeld erfaring og kunnskap, trass i det faktum at forhandlarar generelt sjølvsagt har ein uviss grad av inhabilitet når det gjeld eigen omtale av produkt dei sjølv forhandlar. Derfor må ein sjølvsagt til sjuende og sist stola 100% på det ein sjølv høyrer.
Eg har no kjent innehavaren over fleire år, og kjenner til jakten til vedkommende på den ultimate usminka musikkgjengivelse, ein jakt som har vart, og som garantert vil fortsette, over fleire år framover. Vedkommende delar forøvrig same tanker rundt lydfilosofi som meg. Eg har handla litt der tidlegare, og har alltid vore strålande fornøyd med resultatet i år etter år etter år.
Codaen likar seg godt i selskap med øvrig oppsett.
Det er især vinyl som får fram godfølelsen og smilet med nydeleg oppløsning over heile linja med - for meg - uvanlige mengder smekk, liv og trøkk, er liksom litt meir frampå enn tidlegare. Forsterkeriet har full kontroll på Gradientane og viser opp med stålkontroll over heile registeret, inkludert dei doble 12" pr kanal. Innbiller meg at dybde+bredde i lydbildet er større. Eventuelle minussider er eg ikkje kar om å setta fingeren på enno.
Er faktisk litt overraska over at oppløsningen opplevast som større, både ved avspeling av vinyl og digitalt. Min kjære DP BPC 7.0 er jo ikkje akkurat ny, men den er tross alt særdeles enkelt oppbyd og har få komponentar i signalvegen.
Du har en flott tråd LydKarl med koselig stemning både på bildene og innleggene!
Hadde jo selv Gradient Revolution for noen år tilbake men solgte den gang pga for meg mangel på trøkk og en litt for pågående topp i stua. Har nå hus med dedikert hjemmekinorom der jeg har fått til god demping. Har aldri fått hørt den aktive versjonen av Gradient og må innrømme det rykker kraftig i lyttemuskelen når jeg ser paret som ligger ute til en fin pris på brukten
Har du noen erfaring med den aktive versjonen? Tiden med Gradient gav meg på flere parameter den beste lyden jeg har hatt, nevner for eksempel romfølelse og størrelse. På den andre side ligger det vel i basskonstruksjonens natur at det ikke trøkker som på en konvensjonell høyttaler... Det jeg vil frem til er vel om du tror/vet om den aktive versjonen gir mer i mellombassen?
takk så mykje for gode ord.
Morro at du igjen ser etter Revolution.
Dersom du trur du ikkje kan få trøkk i passive Revolution må du tru om att.
Eg har hatt Revolution i nesten 9 år no og har heile tida hatt det same inntrykket som deg. Pent og gjennomsiktig og alt det der, men utan trøkk, smekk og fyrverkeri.
Fram til no......
Med signalet via CODA CP har oppsettet virkeleg fått nytt liv. Heilt rått. Her er det no realistisk trøkk og oppløsning, rom og dybde over heile de hørbare frekvensområdet, utruleg morro. Trudde ikkje dette var mogleg.
Men, kva hjelper det at eg sit her og skryt? Kom gjerne innom for ein lytt.
Sit i stolen og mimrar og smiler mens vinylen snurrar på min gamle platespelar og musikken strømmer ut som aldri før.
Interessen min for hifi hadde sin spede start i eit kjøp etter innfallsmetoden (mitt einaste når det kjem til hifi forøvrig) på Fretex i Bergen i 1992, ein Radionette Soundmaster 40 C frå 1972 med ditto høgtalarar.
Pappa bygde flotte veggstativ som han installerte på gutterommet.
Pappa hjelpte meg så tre år seinare med å bygga mine første høgtalarar på sløydsalen heima, som den dag i dag er i bruk heima hjå bror min.
12 år seinare, i 2004, henta Pappa mine forrige høgtalarar i Bergen; første generasjons Gradient Revolution (naturleg oppgradering for meg var Gradient Revolution MkII få år seinare)
Heia Pappa, som har stilt opp til tross for at han ikkje har så mykje som eit fnugg av hifiinteresse!
I fjor var det så min tur, som pappa.
Eg var så heldig å få overta noko som andre ikkje lenger hadde like stor glede av, og følgande fekk orkesterplass på gutterommet til eldstemann som då fylte 9 år:
Technics SL-120 Direct Drive Player System (no arm version of the 1200)
SME 3009 Series II Improved (detachable headshell)
Ortofon MC 10 Super II
Denon DCD-520
Onkyo A-8150
Supra kablar
B&W DM-22
Veldig morro å lytta til
Far og sønn skal ein dag ta ein A-B test mellom hans B&W DM-22 og eit sett Dynaudio Audience 8 me nyleg fekk i hus.
Kanskje det eine settet kunne vore eit utgangspunkt for eit system på jenterommet?
Hehe, takk for det Fosse.
Er utruleg godt fornøyd med Coda pre altså.
Pen å sjå til, og det den levererer høyrest ganske så riktig ut óg
Riaadelen skulle jo fylle ganske store sko, nemleg SAT Balanserad Grammofonförstärkare som eg kjøpe av deg i si tid. Det fine er at riaadelen er meget bra!
Du óg fruen er alltid velkomne til Sørlandet
mvh
Karl