LydKarl skrev:
Kjøper Tema Isolator til forsterkarsettet og høgtalarane. Desse blir flytta litt rundt på, finn bl a ut at dei er uegna mellom seksjonane på Revolution, så her er eg enno ikkje i mål (per 09.2006).
Her meinte eg at eg testa TI mot orignale spikes. Det var det ikkje, derimot nokre bling-bling saker frå biltema som stod på ht då eg henta dei heim (I know, I know, hehe). Forsøkte, med første generasjon Revolution i hus, å bytte ut bling-settet, med Tema Isolator. Fann dog fort ut at dette var å gå frå vondt til verre.
Når eg seinare henta mine MkII fulgte det med (det eg veit er) originale spikes. Har rett og slett ikkje vurdert å prøve Tema Isolator igjen mellom seksjonane etter det mislykka forsøket med MkI. Før i går kveld. Eg tenkte, søren heller, kan jo alltids prøve for morro skyld, har dei jo liggande.
Ser fort at lysåpningen mellom topp og bunn blir litt større no, så eg lar berre dei originale spikes´a stå. Toppane står fremdeles nokså stødig.
Resultatet er, for meg, litt uventa.
Objektive endringar:
Tema Isolator demper vibrasjonane i toppseksjonen betydelig bedre enn dei originale. Spesielt tydeleg når bunneksjonen for alvor begynner å jobbe.
Subjektive endringar:
Toppseksjonen leverer eit enno hakket stillare, rolegare og tydelegare lydbilde med TI. Det er ikkje snakk om voldsomme endringar, dog hørbare. Som over, dette kjem ekstra godt fram når bunnseksjonen er i full gallopp.
Eg er heilt overbevist om at det ikkje kun er snakk om at sammenligningsgrunnlaget er endra (ergo at dei originale spikes´a om mulig er verre enn bling). Meinar å huske (og ser at eg har notert det som) tørketrommeleffekt på MkI. Men, mellom oppsetta den gang og i dag skiller det meir enn spikes og Gradient-revisjon:
Testoppsettet med MkI:
Doxa 70S MkII
(Frå gulvet: ) Tema Isolator -> tynn skiferhelle -> bling -> bunnseksjon -> bling -> toppseksjon
Testoppsett med MkII:
Krell KAV-250a
(Frå gulvet: ) Tema Isolator -> 50mm granitthelle -> originale spikes -> bunnseksjon -> originale spikes -> toppseksjon
Det skiller eindel mao. Vil tippe sistnevnte kombinasjon er hakket meir effektivt mhp å lede vekk (ned) vibrasjoner frå bunnseksjon. I tillegg er forsterkeriet som er kobla opp mot denne komboen av eitt litt anna kraftkaliber enn tidl. Krellen har evne til å styre tolvtommarane med større autoritet enn Doxaen (sjølvsagt) og vil nok filleriste bunnseksjonane noko meir.
Er sjølvsagt også smertelig klar over at det fins andre løsningar som nok overgår dette, men med prisen i bakhovudet var dette morro. TI er svært billig. Husker forøvrig også at Paul har anbefalt TI tidlegare som eitt rimeleg alternativ til BM Cones.
Mvh. Karl
