Audiophile-Arve
Æresmedlem
No er det slik at arbeidsåret til lærarane er sterkt komprimert. Elevane er på skulen i 38. veker, og det må sjølvsagt lærarane vere også. I tillegg har vi etter kvart fått ei veke (37,5 timar) ut over dette, der vi skal arbeide med planlegging og kursing (vanskeleg å drive med den tida elevane må "røktast"). Lærarane har eit vanleg, kommunalt arbeidsår på 1687,5 timar. Tek vi bort denne ekstraveka på 37,5 timar, står det att 1650 timar som skal fordelast på dei resterande 38 vekene. Dette utgjer om lag 43,5 timar i veka.
No vil altså KS at vi skal arbeide 37,5 timar kvar veke, slik anna folk gjer. Om vi gjer dette, vil vi måtte arbeide 45 veker i året. "Berre rett og rimeleg", seier sikkert dei som tykkjer lærarane har så mykje fri (sikkert forståeleg. Då eg var liten, trudde eg presten arbeidde berre på sundagar). Men då reiser mange spørsmål seg:
Når elevane skal ha undervisning frå kl 0830 til 14.15, vert det vanskeleg å få inn tid til timeplanlegging, retting av prøver/bøker/tentamenar, vurderingar, foreldresamtaler, dokumentering og ikkje minst planlegging av undervisning. Med 37,5 timars arbeidsveke må dette skje innan daglege 7 timar. Det vil seie før kl 8.30 og etter kl 14.15. Det er lite praktisk og fleksibelt.
Det vert svært urasjonelt at lærarane skal arbeide med t.d. rettearbeid dei 7 vekene elevane ikkje er på skulen. Dersom rettingsarbeidet og vurderingane av eleven si utvikling skal skje t.d. i juni i tidsrommet mellom 7. og 8.klasse , vert dette håplaust uaktuelt, og ein risikerer at eleven går på ein annan skule når han får tilbakemeldinga enn det han gjorde under arbeidet. Å halde foreldremøta i juni er også lite fornuftig.
Om ein likevel innfører eit slikt system, må foreldremøte og rettingsarbeid gjennomførast som overtidsarbeid, med dei tilleggskostnadar dette får for arbeidsgjevar.
Sjølv om dette er dråpen som fekk begeret til å renne over, er det fleire grunnar til streiken. Ei langvarig ramponering av norsk skule utgjer nok meir av begervæska....
1. Norsk skule har vore regulert av lov. Og det var lenge eit system der staten bestemte både skulelov/-forskrifter, og hadde logisk samsvar mellom desse og dei økonomiske ressursane som skulle disponerast. Det var ganske forutseieleg.
2. i 1986 kom eit nytt inntektssystem - med tverrpolitisk semje - der ansvaret for skulen vart overførte til kommunane. Men lov og minstekrava til skulen var framleis regulert gjennom statlege læreplanar og forskrifter.
I starten gjekk dette relativt greitt, men så strupa staten att overføringane til kommunane ved hjelp av Rattsøutvalet sine tilrådingar. Fleirtalet av kommunane fekk då knappare ressursar. Mange kommunar mangla også skulepolitisk kompetanse, og ein omprioriterte midlar frå skule til andre føremål. Denne tendensen gjorde seg stadig sterkare etter kvart. Sakte, men sikkert har kommunane vorte meir eller mindre nøydde til å la skuleverket forvitre.
3. Heilt fram til 2004 var likevel staten forhandlingsmotpart for lærarane, slik at eit nokonlunde skulefagleg perspektiv var i botnen også på arbeidsgjevarsida når lærarane sine vilkår skulle forhandlast. Men dette tok slutt under Kristin Clement si hersketid i departementet. Ansvaret vart (logisk nok) overført til dei som skulle betale gildet, kommunane (representert ved KS). Problemet var berre at KS ikkje hadde snev av skulekompetanse. Dei har prøvd å skaffe seg dette, men intensjonen om å spare pengar har vore dominerande, og har overskugga alt anna.
Såleis har lærarane sakka attover i alle samanhengar sidan ca 2005. Og no er nok nok.