Det fyrste eg kjøpte etter den obligatoriske Tandbergoppsettet var ein Technics integrert forsterkar. Ikkje den aller dyraste, men nok til å verte nyfiken. Då dette psevdo-batteriopplegget kom, var eg ganske interessert, men gjekk likevel over på rør. Men i dag køyrer eg ASR, som også er ein slags "integrert" forsterkar, som har forforsterkaren på batteridrift (der det dessutan er kjæla veldig mykje med straumforsyninga).
Likevel er Technics for meg fyrst og framst signalkjelde: SL 1000 (og så spolebanda då. Får vel ikkje betre drivverk enn desse..)
Kan bli interessant å sjå om Panasonic vekkjer udyra til liv igjen......