Det er vanskeleg å gjere direkte samanlikningar mellom ulike drivsystem, og endå vanskelegare å gjere skikkelege vurderingar av kva som skuldast prinsipp og kva som skuldast spelaren sin eigenlyd, altså det som er signaturlyd uavhenig av prinsippet. Med VPI-spelaren har eg fått gjere litt erfaringar av slaget, sidan eg har prøvd ut ymse variablar, utover det vanlege (skifte av pickup og sånt)
- Effekten av akryltallerken vs tung tallerken i spesialmateriale (sistnemnde gjorde at bakgrunnsstøy var merkbart mindre, og skapte også ein "mørkare bakgrunn" i lydbildet, i tillegg til at dymanikk vart meir markant, både i nyanseringsevne og når det gjeld dei heilt kraftige partia)
- Effekten av platekrans (gjer seg veldig gjeldande på relativt tynne eller skeive plater, og verkar også positivt inn på dynamikken. Kanskje pga. ekstra masse og moment i ytterkant? Spesielt merkbart ved akryltallerkenbruk)
- Effekten av platestrammar (veldig liten effekt dersom eg brukar platekrans, men heilt avgjerande når platekrans ikkje brukast, pga tallerken utan platematte)
- Effekten av rimdrive (når det var sett opp skikkeleg, var det tydeleg betre dynamiske eigenskapar, men dersom det var for mykje press, vart det støy, for lite press mellom svinghjul og tallerken førte til at noko av den dynamiske nyanseringsevna vart merkbart dårlegare. Endå mindre press fører til utåleleg svai.)
- Effekt av brun pakningsring vs svart - den brune gjorde oppsettet av rimdrive langt lettare, og førte også til endå betre dynamikk.
Oppsettet eg har no er eg veldig fornøgd med, men så har eg vorte mindre fornøgd med armen (JMW 9 Sig), då han har synt seg å vere veldig selektiv med kva armar han fungerer godt saman med. Så eg har vurdert om eg treng ny arm, og om eg bør skifte spelar i same rennet.... skal eg prøve noko nytt, bør eg vel gjere det før eg vert for gammal og skjelven på hendene til å justere skikkeleg....