Det er spennande tider vi er i. Urbanisering har vore mønsteret til alle tider, med unntak av attreisinga av landet etter krigen, 1973-bølgja, og det som skjedde rundt 94-95, då relativt (samanlikna med i dag) mange satsa på eit ruralt levesett. Ein skulle tru at folk måtte få lov til å bu der dei ynskjer, men det er mykje indoktorinering og "kondisjonering" (som Aldodus Huxley kalla det i "Brave new world) for å få folk til å vere urbane storforbrukarar av ressursar. Når også infrastruktur organiserast slik at det stadig vert vanskelegare å bu i distrikta, er det også med på å stimulere til auka urbanisering. Men eg trur og håpar dette vil bremse snart, og eg ser iallfall desse problema:
1) Fridom. Eg har inntrykk av at ein er langt meir avhengig av å henge i stroppa i byane enn på landsbygda. Du er fullstendig avhengig av anten arv, lottogevinst eller rik ektefelle, om ein skal ha eit reelt val når det gjeld å arbeide deltid. Ein er difor også avhengig av barnehageplassar (og dermed privatbil, ettersom ein ikkje kan forvente at jobb/barnehageplass skal vere tilnærma samlokalisert) og ei svinehøg inntekt. Så det meste av tida går med på å skaffe nok pengar til å vere lukkeleg (?).
2) Tid. Det er lett å få inntrykk av at folk ikkje har kontroll over tida si, spesielt ikkje i byane. Sjølv om eg har pendla 45 km med privatbil for å komme på jobb, har det latt seg gjere å få jobbkøyringa unna på knapt tre kvarter. Noko som er ein bagatell for den som er nøydd til å sitje i kø. Men akkurat no har eg 300 meter veg på jobb. Så eg spaserer.
3) plass: Eit lite husvære på 50 m2 eit stykke utanfor sentrum i våre største byar kostar gjerne godt over to millionar. For same sum kan du kjøpe ein pen villa med garasje, eitt mål stor tomt, og naustrett i utkanten, og likevel ha spaseravstand til butikk, skule og barnehage. Greitt å ha rom stort nok til stereoanlegget sitt, utan at ein treng vere mangemillionær. Eg har tre lytterom som kan vere greie å ha, men er ikkje millionær. Langt derifrå.
4) kulturtilbod. Det fantastiske kulturtilbodet i byane er nok ikkje nytta så sterkt som ein ynskjer seg. Kulturtilbodet vert flagga høgt i media, men i høve innbyggjartalet er det ikkje mange prosentane som brukar det. Det vert for strevsamt å utnytte. Her eg bur, har eg ein time til operaen. Her er ikkje nytt oppsett kvar månad, men til gjengjeld får vi med oss det meste av interesse. (har sikra meg perfekt sitjeplass til Beethovens 9-framføring i april...) Det er viktig å ha valet, seier folk. Men kvifor, når det så sjeldan vert brukt?
5) Svært sårbart system. Om orkanane skulle ta seg opp, har eg vore med på det nokre gongar tidlegare. Om straumen skulle vere vekke ei veke, har eg backup på varme, matlaging m.m., og eg vurderer å legge opp lettvinte ordningar for å ta vare på maten. Vi er i stand til å brødfø oss ei god stund, sjølv om butikkane skulle mangle straum til kassaapparata. Det vil verte tøft om det lukkast å legge ned norsk matproduksjon, og basere oss på import, den dagen då kronekursen fell dramatisk. Og det kan tenkjast at u-landa finn ut dei vil ha maten sin sjølv. Då hjelper det ikkje å hevde at verdiskapinga skjer i byane. Du kan sjølvsagt tene deg opp store pengesummar ved parkometeravgift dersom det er rift om parkeringsplassane, men du skapar ikkje verdiar, berre tenar pengar.
6)Shopping-haldningar. Skilnaden på å handle og shoppe: Far min dreiv landhandel i gamle dagar. Då ringde kundane inn handleliste, og eg m.fl. hadde som jobb å plukke saman det som stod på lista, pakke varene og skrive rekning. Så vart varene køyrde ut, og bilen til butikken dekte butikkbehovet for ca 2000 innbyggjarar.
Folk definerte i forkant kva dei hadde bruk for, og kjøpte berre dette, samstundes som dei kunne bruke tida til anna enn å gå på butikk.
I dag køyrer folk til handlesentra utanfor sentrum, der dei shoppar. Eg oppfattar dette som å gå meir eller mindre planlaust rundt på jakt etter noko udefinerbart (lukka, kanskje), sjå noko fint i ein butikk, kjenne på dette litt, legge det attende, og prøve noko nytt. Kjøpe eittelleranna på impuls, ta det med heim, kaste det i eit skåp, gløyme det til neste ryddeøkt, då ein finn ut at ein har for lite plass, og kaste/donere bort det overflødige. Lite miljøvenleg.
6b) menneskleg shopping. Same modus operandi brukast ofte når det gjeld det sosiale. Sjå noko fint, kjenne på det, prøve noko nytt. Jaja. Men er det sunt? For kropp og sjel?
7) Mangelen på kontroll over eige liv. Min familie utgjer 2 promille av folket i kommunen, og sjølv om vi ikkje er mange, kan vi nå makta ganske greitt. Det er berre å møte opp på kommunehuset i kontortida, så får du rette vedkomande i tale, stort sett same dag som du finn ut at du vil ta eit initiativ. I byane er det nesten uråd, er mi erfaring. Dette er det verste. Du, som einskildidivid, er så langt borte frå makta og talarstolen at du berre kan kjenne avmakt i det meste. Bortsett frå litt utagerande bruk av Internett, då....