Eg prøvde å finne ut av dette for nokre år sidan (80-talet, då eg var ung, lovande, og kunne høyre 19 kHz), og gjorde ein test. (Trur det var for "Puls hi-fi", dersom nokon hugsar bladet).
Konklusjonen var at det var skilnad, men i ettertid vart eg usikker på in eg hadde endra parametrane. Eg køyrde eit dobbelt sett Monster høgtalarkabel av den billegaste sorten, og skifta til ein enkel med dobbelt så stort tverrsnitt. Der og då merka eg altså skilnad. Men dette var to ulike kablar, det fyrste tilfellet var kablane liggande ved sida av kvarandre på ein ueinsarta måte, slik at det kunne få interferens til kvarandre. Og eg brukte fulltonehøgtalar (elektrostaten Acoustat 4), med berre eit sett høgtalarterminalar.
Eg brukte også i mange år ein hybridelektrostat InnerSound Eros, der ein eigen basseffektforsterkar jobba under 500 Hz, og ein annan effektforsterkar forsynte sjølve elektrostatane over denne delefrekvensen. Her vart det eksperimentert stadig vekk, og eg meinte å høyre skilnad på kablar mange gongar. Men sidan eg var nøydd til å biampe, kunne eg uansett ikkje bruke solowiring.
No har eg ein høgtalar som må biwirast, eller det må brukast jumperar. Sidan han er relativt ny, har eg ikkje kome så langt at eg har jobba mykje med denne problematikken (Har gjort nokre testar av høgtalarkablar, men berre samanlikna ulike modellar/kvalitetar, og ikkje jobba med tverrsnitt/biwiringsproblematikk). Eg kan tenkje meg å prøve ut i kva grad det er høyrbare skilnadar på desse to alternativa, men har så langt ikkje kome over nokon produsent som kan forsyne meg med eitt solokablar + jumpersystem, og eitt sett biwirekablar med halve tverrsnittet. Men dette er interessant, og kanskje det burde jobbast med?