I landbruket går det tøffere for seg, med mye tildekking av støv som øker faren for varmgang og uttørking av isolasjon med påfølgende overslagsfare etc.
Et fjøs er fullt av kukabler.
Typisk uvitenhet fra byfolk,kyr og okser legger ikke kabler men ruke eller mokke
.Altså en kuruke eller som hos oss,kumokke
Dette kan da vel umuleg vera noko å skrive om? Jauda, det har vore gjort. Den sveitsiske språkforskaren Oskar Bandle spanderer 12 sider og eit flott kart på fenomenet i doktoravhandlinga si om vestnordisk husdyrterminologi frå 1967.
Og det er absolutt ikkje uinteressant, frå eit ordgeografisk synspunkt. Her er det stor ordrikdom, og presset frå standardspråket er ikkje spesielt stort. Riktognok er kanskje
kukake på veg mot eit slags «standardstatus», og da truleg gjennom påverknad frå bokmål. Mange av orda har elles meir allmenne tydingar ‘klump, klesse, dunge’ o l, og kan også brukast om slikt som andre dyr enn kua etterlet seg, særleg hesten. Men da sjølsagt utan ku- i førsteleddet.
Bandle finn ein hovudmotsetnad i ordbruken på dette området mellom eit austnorsk
ruke og eit vest- og nordnorsk
ru(g)e/ruve.
Kuruke og
møkkruke er først og fremst brukt i Austlandsområdet, men har også ganske mange enkeltbelegg utanom. Så har vi
rue på Vestlandet frå Hordaland til og med Romsdalen. Deretter blir det
ruve (
kuruv’,
kuskitruv’) på Nordmøre og litt inn i Sør-Trøndelag (Oppdal, Rennebu, Meldal), i samanheng med Nord- og Midt-Gudbrandsdalen og Nord-Østerdalen. Så kjem
rue,
rua etc. tilbake i store delar av Nord-Norge.
Typisk for Trøndelag er
rus’ (
kuskitrus’,
skitrus’, også f eks
hestskitrus’). Dette går inn i tilgrensande bygder i Nord-Østerdalen og på Sør-Helgeland. Ruse heng etymologisk i hop med
røys. Dette må også vera gammalt, men bandle reknar med at det har komme frå Nord-Sverige og sprengt seg inn i eit stort, samanhengande område med ru(g)e/ruve.
Og det er eit utal med andre ord for dette. F. eks.
ræpe, mest kjent i Hallingdal og Telemark, men også dels i Dalane og på Jæren. Dette finn vi også både i svensk og islandsk. I eit sørleg og vestleg område (Agderfylka, sørlege Vestlandet) finn vi
lure, som i
kulure og
lortelure.
Krekse (
kukrekse) er belagt berre frå Dalane, medan
tauke er eit gammalt ord frå Østfold om dette.
Vi får nok stoppe der. Berre nemne at det også kan nyanserast mellom blaut klesse med kumøkk og ei som er gammal, tørr og stivna. For det siste finst det ord som
nauteskå,
skånruve og
skjæne.
Likevel kan vi ikkje forlate dette temaet utan å ta med ei av favoritthistoriene til Marvin Wiseth. Han fortalte om Sparebank 1 Midt-Norge som kjørte ein kampanje med slagordet ”trøndernes nærmeste bank”. I ein annonse var det bilde av ei ku. Der stod det at ”du blir ikke trøndernes nærmeste bank før du har trampet i ei kuskitruse”. Adm. dir. Finn Haugan viste dette fram på eit presentasjonsmøte i Oslo. På første benk satt ein austlending med Armanidress og Rolex-ur. Etter å ha studert bildet lenge, sa han: ”-Unnskyld Haugan, men hva betyr kuski-truse?”