Dersom du leitar i prisklassen under 10 kkr (og kanskje litt oppover), kan ein oppleve ganske store skilnadar i lydkvalitet mellom høgtalarar som elles verkar ganske like i design og konstruksjonsprinsipp. Då kan det vere lett å la seg fasinere.
Går du oppover i prisklassane, vil det også naturlegvis vere skilnad, spesielt mellom ulike konstruksjonsprinsipp. Men eg tykkjer det på sett og vis er noko som er felles, eit minste felles multilum, kan ein seie. Det går på oppløysing, frekvensattgjeving, dynamikk, perspektiv, og noko udefinert. Eg har enda opp med rundstrålarar, men kunne like gjerne hatt fulltoneelektrostatar, eller nokre konvensjonelle konstruksjonar av høg klasse, og kanskje endåtil hornkonstruksjonar kunne vore aktuelt.
Ein ser seg ofte attende i denne hobbyen. Når eg er på hytta, brukar eg Epos ELS 8 og ein svært så banal forsterkar, kopla opp mot ein CD-spelar eller det som måtte ligge på mobiltelefonen. CLS 8 er ein fanastisk god høgtalar etter prisen. Men heimehøgtalarane er mykje, mykje betre.