Og sånne skal vi ta på alvor;
Dette kan tyde på at kablar som ligg i ro nokre dagar treng nokre minutt i anlegget før ting er heilt i orden, men ved kortare lytteintervallar er dette mindre nødvendig.
Hugsar ikkje detaljane, men når eg skreiv dette, var det nok spekulasjon, sjølv om opplevinga av lydendringar var reell nok.
Det er ikkje så greitt å vite kva opplevde lydskilnadar kjem av, og det er vanskeleg å forklare bakgrunnen for skilnad på kabellyd. Du stig aldri ned i same elv fleire gonger. Hugsar ikkje i kva grad eg hadde kontroll på alle faktorar ved anlegget, men eg brukar å ha det. Mi noverande lytteprosedyre ved komponentsamanlikning har vore å jobbe med dette på laurdags og sundags morgon, og eg prøver å fjerne alle biasar så godt eg kan. Skulle nok ikkje spekulert i om "kviletid" hadde avgjerande innverknad, men når eg opplevde skilnad, var dette den einaste faktoren eg kom på var variabel.
Det ser ut som vi no får konsensus om at dette er svært små skilnadar, og det er absolutt diskutabelt om det er verd å bruke mykje kronasje på dette. Det er nok eit spørsmål om anlegget er utforma slik at dette er noko å bry seg om.
Eg ser at min aller fyrste kabeltest (for Puls hi-fi, 80-talet om nokon hugsar dette) var meir sikker i konklusjonane enn eg torer å vere no, snart førti år seinare. Det har nok fleire forklaringar:
- høyrde nok betre då eg var i 20-åra. Hugsar eg fekk med meg 19 kHz som 39-åring. No går det berre til 14 kHz. Men eg har meir musikalsk erfaring no.
- Anlegget var ganske annleis. No er det basert på rundstråling, som eg opplever som meir musikalsk tilfredsstillande enn andre høgtalartypar. Den gongen var det svære fulltoneelektrostatar med rundt 1m2 membran pr.kanal, drive med rørforsterkarar. Elles har eg registert at visse høgtalarar fokuserer meir på visse typar skilnadar, som andre høgtalarar ikkje "bryr seg om". Såleis går eg ut frå at det finnest anlegg som gjer lyttarane i stand til å høyre kabelskilnad lettare enn andre.
Forsterkarkonstellasjonen den gongen var Hiraga "Le Tube" forforsterkar, med to ECC83 rør. Halve røret gjekk til riaa, resten til forforsterking på linjedelen. Det var 40 kOhm ut frå denne, medan min Grant G100AS effektforsterkar hadde 100 kOhms inngang. Så mykje impedanse, og såpass knapp skilnad (2,5 er ein firedel av det som var vanleg å tilrå den gongen) gjer større utslag. Eg hugsar at det var tydeleg skilnad på nokre signalkablar frå den gong.
- Også attende på 80-talet var det mange faktorar som vart ignorerte. Kabelplassering vart nok ignorert også den gongen. Ein måtte ha like lang leidning til begge høgtalarar. Og om det medførte at den eine kabelen var kveila saman, medan den andre vart utstrekt, kan det ha innverknad på lyden. Det same kan kryssande straumleidningar og interferens frå kjøleskåp gjere. Då som no.
Elles kan ein vel ikkje forlange å få slakteløyve når kabeltestar skal gjennomførast i framtida, og såleis få vurdert kvalitet på loddingar, avmantling og metallkvalitet. Eg veit at NEMKO og Veritas hadde slike krav i gamle dagar, men det er kanskje overkill. Innan hifi er det naturleg å vurdere lydlege aspekt. Ein kan kommentere mykje rart, men "the proof of the pudding is the eating".