Zeepa er ei tynn fjøl av kolfiber, fastspent med nokre kolfiberbøylar. Trur det er det lettaste shellet i verda. Har ikkje vore på marknaden på mange år.
https://www.springair.de/en/zeepa-headshell/h53221
I motsett ende av shell-universet finn vi Orsonic. Eg kvitta meg med mint gamle, og angrar litt på det. Men du kan finne dei her:
https://www.ebay.com/sch/i.html?_nkw=orsonic+headshell
Det er veldig interessant å eksperimentere med pickupar når ein berre har nok shell og pickupar, slik at ein kan gjere samanlikningar i massevis. Då eg hadde EPA 100-arm og til dels då eg hadde ET 2-arm dreiv eg med dette, men det er litt meir dillete når pickupskifit + justering tek minimum 15 - 20 minutt vert det ikkje så moro lenger. SME-fatning er såleis veldig greitt. Det same gjeld VPI-armane. Eit pickupskift tek 15 sekund når du løfter av armrøret, trekk ut pluggen, og legg på eit nytt armrør med annan pickup. Men diverre er desse armane litt sære når det gjeld kva dei matchar optimalt med.
Høg-output MC er eit viktig felt som det må testast meir på. Ein av mine favorittar er DV10x5 der eg endå ikkje har funne ein arm som mismatchar, kanskje den minst armkritiske pickup eg veit om. Og han går inn i dei aller fleste 47 kOhm mm-inngangar. (Mi referanse gjennom ti år - ikkje fordi han er den aller beste pickup eg har høyrt, men fordi han aldri gjer noko dumt)
Så har vi dei mykje meir krevjande høgoutputpickupane frå Van den Hul. Nålesliping II er veldig spennande, Då treng du lang, lett arm, er eg redd....
Morosame pickupar (som diverre treng superlette armar) er Shure V15 mkII og tilsvarande. Om du finn ein slik på ein gammal spelar, kjøp heile spelaren, og ta vare på pickupen. Skaff ny nål, men unngå dei litt grove frå Mexico. Eit engelsk firma utan epostadresse lagar nokre fantastiske erstatningar, (har gløymt namnet), elles er NOS-stiftar veldig bra, dei også.
Ein annan morosam hobby er å oppgradere stiften på billegare pickupar. Gunnar Brekke gjorde meg merksam på at AT 95 har ei rekkje alternative stiftar, også Shibata. I så fall kan det verte veldig spennande, men så spørs det om armen er god nok.Og så har du alle desse frå Ortofon.
Philips har også nokre pickupar som kan overraske - sjekk ut hyllene med ekstrastiftar til gamle hifibutikkar i distriktet.