Ikke langt fra ytterste venstre til ytterste høyre.
Vis vedlegget 540009
Den der er en amerikansk hestesko, og ikke sammenlingbar med det norske systemet.
Vis vedlegget 540078
I Norge det vel mere sånn, med fasismen (inkludert nazismen) plassert på sin rette plass på
venstresiden. Plasseringen av disse -ismene på høyresiden er vel verdenshistoriens største
historieforfalskning.
Benito Mussolini var kommunist og observerte under første verdenskrig at kommunister/sosialister
i skyttergravene, alle sloss for sitt respektive land - i stedet for "Internasjonalen".
Ved å kombinere
kommunismen/sosialismen med nasjonalisme fikk man et nytt begrep; nasjonalsosialisme. Navnet
"fascio" som han brukte som prefix sin -isme, tok han fra det latinske (og italienske) navnet på
bunt.
Den første til å gratulere ham med det nye partiet, var faktisk Lenin så det skulle være liten
tvil om hvor partiet til Mussolini sto politisk.
Adolf Hitler og nazistene i Tyskland kopierte prinsippet i sitt NSDAP. Jeg har sett en del historikere
klø seg i hodet over "hvordan i all verden Tyskland og Sovjetunionen kunne komme til en avtale i
1939"; "de sto jo sååå langt fra hverandre". De gjorde ikke det! Plasserer du nazistene der de hører
hjemme, på venstresiden blir det klart.
Stalin så nazistene som det de var; sosialistiske brødre...
Og når det gjelder skillet mellom kommunisme og sosialisme syntes jeg historielæreren min på gymnaset
ga den beste forklaringen jeg har hørt så langt. Begge parter etterstreber sosialisme men er uenige om
metoden for å oppnå målet. Kommunismen ser væpna revolusjon som veien å gå, mens sosialistene
forsøker å nå målet gjennom demokratiske midler (valg)...
Just my two cents...
Desse hesteskorne dine minnar meg om "krumt univers"-teorien. Men i røynda er universet visstnok ganske flatt..... å teikne ideologiar sånn, fortel strengt tatt ingenting om noko som helst, og er vel helst ei øving i å fyrst kaste pila, for deretter å teikne blinken rundt der ho traff ....altså fyrst ynskje seg eit resultat, for deretter å samle alle argument som talar for dette, og forkaste dei som er i mot. Det er ikkje vanskeleg å peike på likskapar mellom dei fleste ideologiar, men det går også an å finne store skilnadar.
Facisme er eit samleomgrep som også omfattar nazisme, men har ikkje nødvendigvis rasistiske trekk som denne. Det er likevel det vanlegaste, ettersom facisme oftast inkluderer imperalistiske trekk. Og skal du erobre eit land, bør dei som bur der oppfattast som "undermenneske" på ein eller annan måte. Du invaderer ikkje eit broderfolk, med mindre du skal setje dei fri, eller hjelpe dei på anna vis. Anschluss av Austerrike er eit døme på dette.
Eit anna trekk ved facismen er trua på ein sterk leiar, og manglande maktfordeling. Demokratiske grunnelement som lik røysterett for alle, og Montesquieu sitt maktfordelingsprinsipp frå den franske revolusjon, er fråverande eller sterkt svekka.
Nokre av formene for sosialisme har i praksis likskapar med dette. Men ikkje ideologisk, og det er vel på det planet vi diskuterer? Vi veit alle at både Stalin, Mao, Pol Pot, Mussolini og Hitler var ansvarlege for massemord. Men ideologiane bak skil seg. No har eg ikkje lese "Mein Kampf" (er ikkje så populær, den boka), men her skal visstnok forfattaren gje skulda for alt vondt til jødane. Den eine forma for anarkisme oppfordrar til valdsbruk og drap (ikkje den andre. Hugsar ikkje namna på desse to retningane i farten). Kommunismen legg også opp til revolusjon, medan facismen legg opp til erobringskrigar og anna imperialisme. Likevel, det er andre skilnadar.
Den viktigaste er at facisme aldri kan omfatte demokrati, medan sosialisme gjerne kan inkludere dette. Noko den sjølvsagt bør gjere. Sosialdemokrati er såleis eit vakkert ord.
Då den russiske revolusjonen hadde lagt seg, var dei andre, kapitalistiske landa livredde for at sosialismen skulle spreie seg, og det med god grunn. Både Marx og Lenin føreset ein verdsomfattande revolusjon. Dei såg på kommunismen som eit resultat av politisk evolusjon, det høgste nivået ein kunne tenkje seg. Men det ville ikkje kunne gjennomførast utan at alle var med på dette. Stalin innførte kommunisme for eitt land, og det vart som alle veit ei katastrofe. Lenin sa visstnok på dødsleiet at ein for ein kvar pris måtte hindre at Stalin fekk makta etter han....
Marx var altså inspirert av dei darwinistiske tankane som var høgst aktuelle på den tida han meisla ut kommunismen. Dei som stod bak facismen (her er det ei blanda forsamling der eg manglar oversikt) var vel også darwinistiske, men på "survival of the fittest"-måten. Dei best skikka menneska (og nasjonane) ville overleve. Difor inngjekk aldri Hitler noko våpenkvile. Dersom det tyske folk ikkje makta å slå dei andre, hadde dei ikkje livets rett. Individ som ikkje innretta seg etter dei statlege krava, gjekk same vegen, m.a. i konsentrasjonsleirane.
Dette kan vi trekkje vidare. Ei øko-/biologisk forståing av mennesket som art, fortel at vi er eit flokkdyr, der einskildindividet må underkaste seg fellesskapet i større eller mindre grad for å kunne overleve. Dette ligg innan dei fleste -ismene, og er vel eit uttrykk for sivisasjon. Ein kan vel knapt tenkje seg sivilisasjon utan dette.
Ideologiane har mykje fornuftig og godt over seg, men har utan unntak (kanskje ikkje anarkismen, som aldri har hatt høve til å prøve seg i praksis - noko som kanskje er forståeleg, ut frå at det ligg ein tanke om fullstendig desentralisering av makta til einskildindivdet, noko som skulle føre til oppløysing av sivilisasjonen. Ein anarkistisk stat vil altså ikkje eksistere særleg lenge) vorte misbrukte. Akkurat som religionar.
Då desse idelogiane blomstra, førte det til at forfattarar kommenterte og varsla om farane ved dei. Vi fekk viktige bøker som "Kamerat Napoleon", "Kallocain", "Farenheit 451", "Vidunderlige nye verden" og "1984".
Eg trur det er viktig å lese slike bøker, og ikkje berre sjå på teoretisk ideologi og historiske brølarar.
Ein bør også sjå på kapitalisme og liberalisme - den siste som Venstre og FrP vedkjenner seg som politisk ståstad. Individet sin rett til å gjere akkurat det ein sjølv vil. Ganske usivilisert, spør du meg...
Liberalismen sin samfunnsmodell tek utgangspunkt i ein britisk filosof frå 1700-talet. I motsetnad til dei meir "moderne" ideologiane går liberalismen inn for ein så svak stat som mogleg, som berre skal syte for ro og orden, og overlate alt anna til individet. Eldre former for liberalisme ligg så tett på føydalsamfunnet at det knapt finnest nokon som vedkjenner seg ein slik politisk ideologi. Dei nyare formene som våre to norske parti kallar seg representantar for, legg opp til privatisering, skattelette og svak lovstyring. Medan restriktiv innvandringspolitikk er eit meir facistisk trekk. USA er endå meir liberalistisk i form av eit privatisert helsevesen, og litt fascistisk i kraft av å vere imperalistisk. Ein ser at det er lett å kombinere element frå liberalisme og fascisme. Og så får vi sjå på kapitalismen som idelologi:
Som Snickers var inne på, strekkjer kapitalistiske tendensar seg langt attende i tid. Heilt til yngre steinalder, då det stadbundne jordbruket fortrengde nomadedrift. Ein "kapitalist" eigde produksjonsmidla, altså jorda, som han brukte til å skape verdiar han kunne gje til "arbeidarane" sine. Eit heilt greitt prinsipp i lang historisk tid, men det baud på problem når ein ikkje greidde å "betale" på skikkeleg vis, eller no i den seinare tid, når det ikkje lenger vil vere mogleg å skape ytterlegare vekst. Dette skjer fordi planeten vår ikkje tåler særleg meir vekst. Vi er for mange som brukar for mykje ressursar.
Eg er tilbøyeleg til å hevde at liberalisme og kapitalisme er ubrukelege ideologiar for den perioden vi går inn i no. Vi kan ikkje basere oss på meir vekst. Det må ytast rettferd til alle, og vi må underkaste oss ein stat som evnar å skape rettferd. Så vi må over på ein av dei andre -ismene.
Eg har lite lyst på kommunisme. Men kanskje det er det rette for Kina. Dersom denne staten bestemmer seg, vil dei kunne stoppe klimautslepp og hindre undergang. Om dei greier å overleve med bremst i den velstandsveksten dei har hatt dei siste 20 åra er kanskje tvilsamt.
Eg er sterkt i mot rasisme, og kan ikkje tenkje meg fasicme berre av denne grunn. Total underkasting ein "klok" leiar har eg også lite tru på. Åleine er dei færraste særleg kloke heile tida. Ein treng ei demokratisk vald regjering.
Anarkisme hadde vore fint - dersom vi hadde hatt nok plass, alle saman. Men vi er for mange. Det går berre ikkje.
Så då står vi att med sosialdemokratiet....