Eg synest oppriktig utveksling av erfaringar er svært nyttig.
Sjølvsagt vert vi påverka av andre, og det er fare for at vi gjer observasjonar av placebo-slaget. Over tid dannar det seg audiofile "sanningar", som absolutt bør debatterast. Problemet er å skilje mellom "tru" og "viten". Keisaren får stadig nye klede, og vi må passe oss...
Eg har eksperimentert med mykje rart opp gjennom åra, og det vi heldt for å vere tullete på 70-talet, har vorte forretningsidear i dag.
Underlaget til høgtalarane har iallfall ganske mange variablar som er høyrbare, sjølv om det er vanskeleg å oppsummere erfaringane. Eg har eit tregolv (sponplater av standard anno 1980), der eg har lagt flytande parkett. Tidlegare hadde eg vinylbelegg limt på sponplatene, og då eksperimenterte eg mykje. Etter at eg la parketten, har eg brukt Soundcare som har funka bra. Men desse hadde liten effekt då eg fekk nye hogtalarar. Så no brukar eg dei innebygde føtene til mbl-høgtalarane, som fungerer svært godt. Prøvde soundcare sine pålimings (gjengane passa ikkje min modell), og dei medfylgjande spikane (på myntar, som gjorde meg ute av stand til å finjustere plasseringa), men her var eg usikker på om det var effekt i det heile tatt, samanlikna med innbyggingsutgåva. Så då har eg enda opp med å bruke enklaste alternativet.. Har også noke gummiputer, men her er det iallfall ikkje endring til referansen.