Audiophile-Arve
Æresmedlem
Når ein held seg til rimelege MM-pickupar og ein spelar av "heilt grei"-standard, er det fyrst og framst pickupen som har det største potensialet til oppgradering. Det viktigaste for pickupen er at:
1. han sit i ein arm som fungerer godt for akkurat denne pickupen, og
2. riaatrinnet må ha ein viss kvalitet, også for MM-pickupar (desse er relativt lette å finne)
Men skal du oppgradere spelaren, (ut over estetikken) er det små, men viktige steg du kan ta:
- plassering av spelaren (må stå ein stad der stiften ikkje hoppar ut av rilla når du går over golvet, og dessutan slik at basstonar frå høgtalarane slår inn og lagar feedbacktendensar. Støvlokk er også ein ting som samlar resonansar, og om dette er festa til platespelarkabinettet, kan det høyrast. Då må du ta dette av under avspeling.
- Ha ein spelar med absolutt støyfri, men også stødig motor. Pabst lagde nokre veldig gode ein gong i tida. Direkte drevne, japanske spelarar frå tidleg 80-tal er også svært gode. Det kan diskuterast om ein sterk motor er gunstig, for slike kan lage støy. Nottinghamspelarane har løyst støyproblematikken ved å bruke små, støyfrie motorar, kombinert med ein svært tung tallerken. Denne må skubbast i gong for hand, men det fungerer utmerka, og Nottinghamspelarane er vel av dei aller mest støyfrie drivverka som er å oppdrive.
- ver obs på at drivreimene har innverknad på lyden. Eg har prøvd fleire variantar som høyrest ulikt ut.
- drivsystemet. Reimdrift er bra, direktedrift er endå betre, mellomhjul fargar lyden, men på ein svært positiv måte, om det ikkje overdrivast.
- lageret til tallerkenen. Ikkje overdriv, men pass på at det er smurt. Må gjerast om lag kvart tiande år eller så.
- ha ein spelar som anten er godt balansert (platetallerken og kabinett samsvarar), eller har stor vekt (enklaste, men også dyraste måten. Etter å ha fått samalikna ein relativt tung akryltallerken med ein svinetung spesialtallerken, er det klart at det har mykje å seie for lyden)
- Straumforsyninga. Eg prøvde ein VPI Scout med "vanleg" straumforsyning. Kort etter fekk eg prøve ein liknande med SDS straumforsyning.
- Vinylplata sin kvalitet, og føresetnad for god plassering. Dersom du har 200 grams plater slepp du stort sett å uroe deg for dette. Men dei som er på 140 gram og mindre, har ein slags betoning (plastikk-aktig lyd?). Denne kan du redusere sterkt på fleire måtar: vakuum-tallerken som held plata fast, platestrammar eller platelodd, og platekrans, som held plata sin ytterkant fast under avspeling. Dessutan har underlaget; platematta, innverknad på lyden.
Men konsentrer deg fyrst om arm og pickup. Har du orientert deg om dei rimelege MMar, har du berre utforska dei indre planetar. Solsystemet, for ikkje å snakke om universet, er langt meir omfattande.....