Jeg synes det er svært sjelden at god design butter med Rams 10 bud. Har du noen eksempler på nettopp dette?
Nei. Men samtidig er det noko ved prinsippa som er så, eh, trivielt, at eg har litt problem med å tenkja at "wow, der naila han det, gitt". Det er samtidig gode utgangspunkt for å tenkja og snakka om produktdesign, for all del. I realiteten handlar det ofte om ei vekting mellom dei ulike prinsippa.
Ta Apple, og med det Ive.
"Gutes Design ist umweltfreundlich" (og "Gutes Design ist langlebig"). Apple har vore banebrytande når det gjeld forbrukarelektronikk som i beste fall er ekstremt klønete å reparera og oppgradera, og som er designa for å bytast ut med jamne mellomrom. Faktisk kan vi snakka om heile produktkategoriar som sannsynlegvis er ein skandale sett i eit miljøperspektiv [Android-kopiane er verre, for all del].
I Hustwit-dokumentaren er Rams sjølv inne på dette. I ein paneldebatt vert han spurt om kva han ville gjort med bilindustrien, dersom han hadde valt å gå inn der. Tja, svarar han (i mi parafrasering), eigentleg har bransjen aldri interessert han, fordi ein ikkje løyser transportproblema med å forbetra bil-design.
"Gutes Design macht ein Produkt verständlich". Det fyrste eg kjem på er "gestane" (gestures) som ein er forventa å bruka på iOS. Nokre av dei er intuitive og fungerer likt over alt, andre verkar heilt vilkårlege og fungerer ulikt frå stad til stad. Det er heilt sant at Apple (både MacOS og iOS) har vore pionerar når det gjeld å gjera "enkel bruk" forståeleg, men kompleks bruk er likevel "arcane knowledge".
Det minner meg litt om forsterkaren min, ein Naim 5
i. I utgangspunktet veldig enkel i bruk (inngangsveljar og volumkontroll). Men, for å skru av "AV bypass", måtte eg lesa i manualen og trykka på nokre underlege tastekombinasjonar på fjernkontrollen. Kanskje det var malapropos. Naim vinn neppe nokon designpris.
Apple, derimot, er eit slags designikon.
Litt vidare:
I Planetveien 12 la Korsmo eit ytre listverk utanpå kledningen i andre etasje for å visa modulane i konstruksjonen, sjølv om det ikkje hadde ein direkte funksjon nett der. Det gjer heile tankegangen bak huset meir forståeleg, men er staffasje og "pynt".
Eg trur eg har lært meir om god design av å lesa
The design of everyday things (Donald Norman). Boka grip eigentleg tak i eitt av Rams' prinsipp, nemleg "macht ein Produkt verständlich", og undersøkjer korleis vi interagerer med menneskeskapte "ting", og korleis desse kan fortelja korleis dei skal brukast. Dersom vi tek Norman for bokstaveleg, kjem sannsynlegvis alt til å sjå ut som om det kjem frå Hjelpemiddelsentralen.
For å gjera det heilt klart, forresten: Eg har, etter det eg kan koma på, aldri vore delaktig i design, produksjon eller sal av eit einaste fysisk objekt, og kjem neppe til å vera det heller.