Absolutt (sjølv om den kristne motkulturen tradisjonelt har vore meir låg- enn frikyrkjeleg, sjølv om dette har endra seg dei siste åra). Med nokre unnatak samvarierer det også med dei som røysta for republikk i november 1905 (og, heldt eg på å seia i tråd med Kjartan Fløgstad, omvendt proposjonalt med medlemsskap i NS, men der trur eg det er fleire avvik).
Eg tviler likevel på om nei-et hadde vore mogleg (i 1972) utan at det "nye venstre" (der SF og SUF(m-l) er mest kjent, men som i dette tilfellet også strekte seg langt inn i AUF og Unge Venstre, og dessutan delar av LO) hadde stilt opp med organisatorisk/aktivistisk mannskap, og hjelpt til med å fortolka "nei" i 1972 som ein milestein på linje med 1814, 1884, 1905 og 1945.
Dette er verkeleg relevant for tema/tråden, altså, men det ville vore litt mansplaining å skriva heile samanhengen heilt ut.