Ja, då stod det brått ein P400/1000 i kjellaren
Ser litt puslete ut saman med Jeff Rowland 301 mono...men då den eine tok kvelden og eg ikkje aner kven eg kan sende den til for sjekk, så kan ein jo ikkje gå i uvissa utan lyd. Og lyd vart det gitt
Skulle jo vere bra å ha max output frå preamp, slik at eg skrudde opp til high på min Burmester preamp ( 15 i gain på Vera), og då vart det futt i subrekka kan du seie......Dette må forskast meir på, og ulike innstillingar prøvast. Enda førebels på low output frå pre, og 18 i gain på Vera. Men framleis litt basstungt. Må nok kjøre ei ny korrigering på Dspeaker Antimode 2.0, som eg køyrer signalet igjennom på tapeloopen i preamp.
Kva so med lyden så langt (etter ein knapp time...)? Vel, ein vanvittig kontroll i bassen i allefall, og det verkar som det er meir krefter i Vera enn i monoblokkene som har ASP1000 moduler, oppgitt til 600W i 8ohm og dobler i 4ohm... Max output er over 90 ampere, men dempingsfaktor på berre 60....Gain i monoblokkene er 26dB. Eg har opplevd at dei klipper brått ved litt i overkant pådrag, men Vera har enno ikkje blinka ein einaste gong....
Elles opplever eg, med ikkje optimal innstilling av sub/dsp, at det kanskje er litt mindre rom og litt mindre sødme med Vera. Skulle gjerne hatt monoblokkene i drift, slik at eg kunne byte mellom dei.... får litt kabelbyttekjensle av dette. Veit jo at monoblokkene koster mange gonger det Vera koster, og dei er store og fjonge... slik at då må jo lyden vere betre
Dårleg er Vera i allefall ikkje og eg ser fram til mange lyttetimar før eg konkluderer
Preampen angir gain i LO til 12dB og HI 15 dB. Er det då best å sette den til HI, og ha lav gain på Vera?
Til slutt, nokon som les denne tråden som har eit forslag til kven som kan sjekke monoblokka som tok kvelden?