Det er veldig mykje eg likar veldig godt med Hifisentralen. Eg likar dette forum avdi:
•Eg likar å følge litt med på bruktmarkedet, sjøl om eg svært sjeldan byttar komponentar i anlegget.
•For å få augene/øyrene opp for nye artistar, eller musikkretningar.
•«Nerde» litt omkring denne hobbyen, noko som familien ellers har lite forståing for.
•Gjennom interaksjon i ulike trådar føler eg at eg vert litt kjent med andre «likesinna», og føler eit fellesskap i det.
Eg er utdanna sjukepleiar, og har vidareutdanning i avansert sjukepleie. Eg kan «ingenting» om korleis komponenta eg har virkar, men eg likar lyden av dei, sjøl om dagsforma varierer.
Her er svært mange på dette forum som kan mykje, men verkar mest opptatt av å ha størst spade å kaste sand med. Eg har sidan 2003 vore ein stort sett stille tilskodar her, men prøvar å finne mi form, i min eigen tråd.
Eg er glad i musikk, hi-fi, god drikke, god mat og godt selskap. Velkomne skal de vere her! Har litt promille og medikament innabords(jamfør tidligare innlegg i tråden), så tilgje om dette vart noko ustrukturert.