Tweedjakke
Hi-Fi freak
Tweed tenkjer over sjølvbygg.
(Konkrete spørsmål eg lurer på til slutt. Svar, og andre velmeinte kommentarar, er hjarteleg velkomne. De treng ikkje leggja alt for mykje i det. Om dette vert realisert, vert det ikkje byggjestart før til sumaren, tidlegast. Dersom svaret er at eg bør drita i det og kjøpa Genelec, så er ikkje det aktuelt. Dersom svaret er at eg bør arbeida overtid for å få råd til skikkeleg handverk, så er diverre det umogleg, av fleire grunnar).
Det er for så vidt ikkje noko nytt at eg tenkjer slik. Slike tankar har eg gjort fleire gonger dei siste ti åra, og forkasta. Mest fordi det garantert ikkje vert lekkert, sannsynlegvis berre vil verta måteleg vellukka og eg ikkje er veldig nøyaktig (snill M i sløyd for 30 år sidan): Eg byggjer og reparerer mykje her heime, men det meste er grovt overdimensjonert ("kan det boltast, ja, det kan!") og ikkje særleg fint.
Argumenta for sjølvbygg er likevel:
Eg liker JBL-designet, tovegs med stor bass og horn/waveguide på toppen, og Tannoy/Fyne-designet med stor bass og koaksial-element. Dimensjonane fort litt for store, eg skjønar det, men eg ønskjer meg altså låg (> 1m, helst ca. 80 cm) og brei framfor høg og tynn. Eg ser at dei fleste går for horn på topp, det er sikkert ein god grunn til det. Den einaste utfordraren for meg, er eigentleg Carlsson/Larsen.
Dette er altså tovegs-design.
Spørsmåla:
1. Andre som planlegg slike ting, har oftast kjellaren full av gamle JBL-element dei "må finna på noko med". Det har ikkje eg. Kvar kjøper ein slikt (når ein har funne ut kva ein treng): Er det brukt på Finn, Torget og eBay over lang tid, eller nytt frå grossist?
2. Kva treng ein eigentleg av snikkarutstyr for slike bygg?
3. Det er MDF som gjeld?
4. Må eg kjøpa MiniDSP Flex (ev. lydkort og Audiolense) og 4-vegs Hypex/Purify-forsterkar, eller kjem eg langt nok med ein enkel tovegs forsterkar? Eg har berre ein integrert Naim og ICEPower 50W liggjande. Målemik bør eg sikkert ha.
5. Finst det stader eg kan leita etter ting (skisser av konstruksjon + element) som er prøvd og funkar?
6. Kva har eg ikkje tenkt på?

- Det verkar gøy
- Det er von om at eg lærer litt i prosessen
- Dei høgtalarane eg ønskjer meg, har eg ikkje råd til. Ikkje før om fem år, tidlegast
- Det er større aksept i heimen for heimesløyd enn for innkjøpt forbrukarelektronikk

Sist redigert: