Woke og kansellering er storm i eit vassglas
Viss det største problemet ditt er at du føler at du ikkje lenger kan rakka ned på andre menneske, då har du det eigentleg ganske greitt.
Det er stadig fleire som meiner at ytringsfridomen er truga av noko dei kallar «woke». Woke har på kort tid gått frå afroamerikansk slang til internettslang til ... Vel, ifølgje nokre, tydelegvis eit trugsmål mot ytringsfridomen og sjølve samfunnet. Folk blir trass alt «kansellerte»; galskapen har gått for langt!
Så kva er eigentleg woke? Dei fleste innlegga med ramaskrik om denne kneblande «ideologien», som mange kallar det, bruker lite tid på å definera kva woke eigentleg er. Woke blir på ein måte elefanten i rommet, sjølv om det nettopp er woke det aktuelle innlegget handlar om.
Det er nok fleire grunnar til at folk som er antiwoke, unngår presise definisjonar. Dels forstår dei nok ikkje heilt kva woke betyr, og dels veit dei nok at presise definisjonar vil stilla dei sjølve i eit dårleg lys.
For kva er det eigentleg du føler at du ikkje «kan» seia lenger? Kva er woke? Det er i alle fall ikkje ein ideologi, sjølv om ideologi-merkelappen er veldig hendig når du skal skremma folk.
Woke er eit adjektiv som blir brukt av eit breitt spekter menneske med svært ulikt ideologisk utgangspunkt, om det å vera politisk opplyst. Du vil kunna finna både økonomiske liberalistar og hardbarka kommunistar som bruker dette omgrepet om seg sjølve.
Gruppene som bruker omgrepet med positivt forteikn, har likevel nokre fellestrekk. Som nemnt byrja woke som slang hos svarte USA-amerikanarar. Andre brune folk byrja å bruka det. Skeive og transfolk byrja å bruka det. Feministar byrja å bruka det.
Omgrepet blei altså populært i kvinner og minoritetar sin kamp for likeverd og likestilling. Om woke koker ned til eit omgrep undertrykte grupper bruker om seg sjølve i kampen mot umyndiggjering, er det ikkje rart at antiwoke folk unngår definisjonar. Det ser trass alt ikkje særleg bra ut å seia rett ut at det du kjemper for er retten til å diskriminera andre.
I woke har konservative funne ei einstava gullgruve. Ikkje lenger treng dei å seia rett ut kva dei meiner om minoritetar. Det er ikkje lenger svarte, homsar eller transfolk dei angrip, dei angrip «woke», ein abstrakt politisk størrelse dei slepp å definera.
Panikken rundt woke-omgrepet blir godt hjelpt av at dei antiwoke deler døme på «woke-politikk» som har gått for langt. Døma viser godt kvifor woke-politikk er farleg for ytringsfridomen. Det er berre eitt problem: Ytringane dei trekker fram, er oftast kraftig redigerte.
Ta J. K. Rowling: Ein vanleg påstand er at Rowling er «kansellert» for å seia at
«biologisk kjønn er ekte». For det første er ho ikkje kansellert, ho håvar framleis inn pengar og har praktisk talt klippekort i media. For det andre har ho sagt utruleg mykje meir enn at «biologisk kjønn er ekte».
Nokre døme:
I essayet ho skreiv om tematikken i juni 2020 går Rowling langt i å antyda at transkvinner i kvinnegarderoben er ein fare for ciskvinner.
Ho kjempa aktivt imot den
nye lovgivinga i Skottland, som vil gi transfolk høve til å lettare endra juridisk kjønn. Meir enn berre «biologisk kjønn er ekte», altså.
Døme som Rowling, Listhaug, Danby Choi og mange fleire viser at ein slett ikkje blir kansellert for å seia ting som ikkje er woke. Kanskje får ein derimot reaksjonar frå folk som er ueinige, men det er vel innanfor den same ytringsfridomen antiwoke folk påstår at dei vil beskytta?
Eg kan forstå at det er ubehageleg å bli sagt imot. Eg kan forstå at det kjennest som om ytringsrommet krympar litt, når ein blir konfrontert med at ei utsegn er ugrei. Kanskje blir denne kjensla forsterka av at beskjeden kjem frå grupper som tidlegare tok mindre plass i ordskiftet.
Slike kjensler er forståelege, men dei betyr ikkje at ytringsfridomen er truga. For mange minoritetar er derimot nokre ytringar del av eit system som trugar deira rett til å leva frie, gode liv.
Transfolk kjempar ein kamp for å få den livreddande helsehjelpa dei treng. Etniske minoritetar kjempar for likeverd i eit samfunn som i stor grad er lagt opp rundt kvite menn. Kvinner kjempar for å kunna leva frie liv der dei sjølve bestemmer over eigen kropp.
Viss det største problemet ditt er at du føler at du ikkje lenger kan rakka ned på andre menneske, då har du det eigentleg ganske greitt.
Publisert: 12. mars 2023 19:05