Endeleg en ok dag i kroppen igjen. Den må eg benytte meg av. Garasja skal ryddast slik at vi kan kaste alt av diverse saker og ting som ikkje virka eller som ja berre er bås.
Har bra dialog med kjøpene av huset som kjem frå ei mindre leiligheit til hus, så blir til at vi sette igjen en heil del ting som vi ikkje har bruk for.
Dei høyrast litt ut sånn som oss... Gjenbruk er fine greier.
Planen er også i dag å få pakka ned stort sett alt av møbel, borsett ifrå kjøkkenbordet. Det skal få lov til å stå oppe nokre daga til. Men koppa og kar ol verte nok pakka med i dag el i morga. Er litt stusselig no, og meir stusselig skal det bli.
Ser som er litt ekstra kjekt er at den helga eg flytta inn i Volda så starta Voldadagane. Så akkurat som om dei feira at eg kjem til bygda igjen..
Nei, her er det berre å kome igong..