Hvem som har mest rett på land og strand er vanskelig å si
Kanskje jødene kan flytte til Ukraina og gi tilbake landet de fikk som plaster på såret etter andre verdenskrig.
Opprettinga av den israelske staten i 1948 var temmeleg imponerande, same kva "side ein står på".
Eg har alltid tenkt på det som ein, delvis rettkome, reaksjon på Holocaust. At Holocaust var ein viktig motivasjon, både politisk og militært, er det ikkje tvil om.
Men det er også klart at idéen om ein jødisk nasjonalstat vart unnfanga om lag femti år før, og at grunnlaget vart lagt først og fremst under mandat-tida. Som ein israelsk antropolog eg snakka med førre veke sa: Det generasjonen som kjempa i 1948, var den første generasjonen som var fødde i området.
Når det gjeld tidspunktet, våren 1948, tenkjer eg at det er naturleg å
også sjå på dette som kanskje det fyrste steget (ok, andre, etter India) i avkolonialiseringa, altså oppløysinga av dei franske og britiske imperia. Altså, ein måte å sjølv ta styringa på korleis verda skulle sjå ut, og ikkje venta på ei inndeling og statsordning som skulle avgjerast utanfrå. Problemet var at statsdanninga i 1948 langt på veg var ein umogleg konstruksjon, og det var gode grunnar til at USA var temmeleg lunkne i starten (Sovjetunionen, derimot, var meir entusiastisk, særleg med tanke på eit fotfeste i Levanten).
At PLO gjekk inn for ei "tostatsløysing" i si tid, og aksepterte ei forhandlingsløysing som sannsynlegvis aldri var meint å koma i mål, er vanskeleg å forstå som anna enn eit siste, desperat forsøk. Tilsvarande lett er det å forstå at mange palestinarar mista trua på PLO og evige forhandlingar, og heller har slutta opp om Hamas. Så, i tur og orden har alle ideologiane som skulle løysa problema feila: Pan-arabisme, revolusjonær frigjeringskrig med eit sosialistisk tilsnitt, politisk islam (Hamas) og FN-styrt humanitær hjelp & forhandlingar.